TOM Anker Skrede foto Ogne
VIL ETABLERE NETTVERK: Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har fleire Herøy-bedrifter på medlemslista. No er eit cruisenettverk under planlegging. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Planlegg cruisenettverk i Herøy

Satsar på mindre cruisefartøy som ligg lenge ved kai.

21.11.2022

Ein ønskjer å trekkje til seg små eksklusive skip/explorerskip med færre gjestar og som søkjer eksklusive opplevingar og attraksjonar. Dette er gjestar som har høgare betalingsvilje for ekte og unike opplevingar i land, skriv reiselivselskapet Destinasjon Ålesund & Sunnmøre i ei pressemelding.

Eitt poeng med å satse på mindre cruseskip er mellom anna at det er ein marknad inititativtakarane til cruisesnettverket trur kan vere lettast å utvikle til ein heilårsaktivitet.

Mandag 28. november inviteer reiselivselskapet til møte i Fosnavåg for å invitere om planane.

- Ei satsing på cruise vil også kunne tiltrekke seg fleire næringsaktørar innan reiseliv og andre næringar som vi ikkje har i kommunen i dag, seier Gunther Dahler, reiselivsdirektør i Havila i pressemeldinga.

Det er eit ønskje at prosjektet har ei lokalt forankra styringsgruppe leia av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre med representantar frå kommuneleiinga, hamn, næringsaktørar og naturlege samarbeidspartnarar, seier Skrede i pressemeldinga.

Publisert: 21.11.2022 11:10

Sist oppdatert: 21.11.2022 12:30