Nytt
Planlegg emisjon i Tussa
Striden om Tussa-utbyttet er over. Eigarane får utbytte, og gir samstundes klarsignal for kapitalutviding.
08.06.2020
Fleirtalet av Tussaeigarane nekta på generalforsamlinga i vår å godta at selskapet ikkje skulle betale utbytte. Ordførar Stein Aam i Ørsta, som er den største einskildaksjonæren stilte i praksis eit ultimatum.
Etter eit eigarmøte i dag er striden løyst.
Dette er det semje om, ifølgje Stein Aam og styreleiar Gunnar Gjørtz i Tussa:
Det blir betalt ut 42 millionar kroner i utbytte i juni.
Eigarane godtek at Tussa sin sats for utbytte skal reduserast frå 60 til 50 prosent av overskotet etter skatt.
Det blir opna for eit kapitalutviding på 60-70 millionar kroner der alle eigarane får høve til vere med, og dermed oppretthalde sin eigarandel. Om nokon ikkje vil vere med på kapitalutvidinga har dei andre rett til å gå inn i den andelen av kapitalutvidinga, ut frå kor stor eigarandel dei har.
KLP har lova å ta heile kapitalutvidinga åleine om ingen av dei andre aksjonærane vil vere med på kapitalutvidinga, seier Gjørtz.
Gjørtz seier poenget med kapitalutvidinga er å styrkje eigenkapitalen til Tussa, først og fremst fordi nettselskapet Mørenett vurderer å kjøpe Statnett sitt regionale nett på Nordvestlandet. Det er ei investering i størrelsesorden 350 millionar kroner, seier Gjørtz. Tussa eig Mørenett saman med Tafjord-konsernet og ei så stor investering i eit deleigd selskap krev også at Tussa må styrke eigenkapitalen.
I tillegg til Ørsta kommune og KLP er eigarane av Tussa Volda kommune, Vanylven kommune, Sande kommune, Herøy kommune, Ulstein kommune, Hareid kommune og Hornindal Kraftlag.

Publisert: 08.06.2020 21:19
Sist oppdatert: 08.04.2021 17:21