Planlegg for ny offshoreopptur
STRATEGI: Bourbon satsar på at offshoremarknaden kjem tilbake, og vil vere klare til å hauste gevinstar då, her det nyaste Bourbon Offshore Norway-skipet Bourbon Arctic.
Nytt

Planlegg for ny offshoreopptur

Bourbon planla storsatsing på gasstransport. No er planane droppa, og selskapet satsar i staden på å vere i front når offshoremarknaden kjem tilbake.

18.05.2016
Dette opplyser Bourbon på si etter eit styremøte 16. mai.
Det var i mars at Bourbon annonserte oppkjøpet av selskapet Jaccar Holdings og ei storsatsing innanfor transport av gass. Bakgrunnen var nedgangen i offshoremarknaden, og konsernet ville ha eit nytt bein å stå på.
Bourbon har ikkje oppnådd nødvendig finansiering innanfor tidsfristen, og droppar no planane, men fastslår samstundes at det er eit strategisk mål.

Satsing på kjerneområda

I staden vil Bourbon styrke satsinga innanfor sine kjerneområde, og tek sikte på å vere av dei første selskapa som skal drage fordelar av oppgangen i offshore - når den oppgangen kjem.
er av verdas største offshoreselskap med over 500 fartøy. Konsernet eig Herøy-baserte Bourbon Offshore Norway, tidlegare Havila Supply. Selskapet vart kjøpt i 2003.

Publisert: 18.05.2016 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57