Nytt
Planlegg forsking- og utviklingssenter i Måløy
Vekstselskapet i Måløy og Norges miljø- og biovitenskaplege universitet vil samarbeide.
18.12.2017
Dei to partane har inngått ein intensjonsavtale om eit samarbeid i samband med etablering av Måløy Marine Ressursenter, eit forsking- og utviklingsenter i Måløy.
I dag må bedriftene i området ut for å finne kompetanse til forsking og utvikling. Måløy Marine Ressurssenter skal bygge opp den kompetansen på heimebane.
- Dette vil skape arbeidsplassar, det er heilt klart, seier Randi Paulsen Humborstad. Ho er tilsett som dagleg leiar i det nyetablerte vekstselskapet for Vågsøy.
Humborstad seier fiskeri- og oppdrettsmiljøet i Vågsøy gjer at universitetet er interessert i eit samarbeide, mellom anna fordi det kan gi spennande oppgåver å jobbe med for studentar og doktorgradskandidatar.
Ho meiner og lokale bedrifter vil tene på å få eit lokalt forsking og utviklingssenter i Måløy.
- Eksterne FOU-tenester er kostbare. Gjennom samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) sikrar vi oss tilgang til FOU-tjenester for næringslivet i regionen til ein rimelegare kostnad med same eller høgare kvalitet, seier ho.
Trass i det tidlegare namnet satsar universitetet også mot fisk og havbruk.
I dag må bedriftene i området ut for å finne kompetanse til forsking og utvikling. Måløy Marine Ressurssenter skal bygge opp den kompetansen på heimebane.
- Dette vil skape arbeidsplassar, det er heilt klart, seier Randi Paulsen Humborstad. Ho er tilsett som dagleg leiar i det nyetablerte vekstselskapet for Vågsøy.
Klart til våren
Intensjonsavtalen med Norges miljø- og biovitenskaplege universitet på Ås startar med eit forprosjekt som skal vere ferdig til våren. Då blir det avklart om det blir ein fast avtale og kva den konkret skal gå ut på.Humborstad seier fiskeri- og oppdrettsmiljøet i Vågsøy gjer at universitetet er interessert i eit samarbeide, mellom anna fordi det kan gi spennande oppgåver å jobbe med for studentar og doktorgradskandidatar.
Ho meiner og lokale bedrifter vil tene på å få eit lokalt forsking og utviklingssenter i Måløy.
- Eksterne FOU-tenester er kostbare. Gjennom samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) sikrar vi oss tilgang til FOU-tjenester for næringslivet i regionen til ein rimelegare kostnad med same eller høgare kvalitet, seier ho.
Satsar på fisk
Norges miljø- og biovitenskaplege universitet heitte tidlegare Landbrukshøgskulen.Trass i det tidlegare namnet satsar universitetet også mot fisk og havbruk.
Publisert: 18.12.2017 13:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16