Planlegg samanslaaing av Fjord1 og Havila Kystruten
BØRS: Per Sævik og Havila Holding har alliert seg med ein investor, der ein i fellesskap vil eige over to tredjedeler av Fjord1, og vurderer samanslåing av Fjord1 og Havila Kystruten.
Nytt

Planlegg samanslåing av Fjord1 og Havila Kystruten

Per Sævik og familien har alliert seg med ein investor, gjer storkjøp i Fjord1, og vurderer samanslåing med Havila Kystruten.

09.12.2019
Fjor1 opplyser i ei børsmelding måndag ettermiddag at eit dotterselskap av hovudaksjonær Havila Holding har bede Fernley Securities om å kjøpe 11,65 millionar aksjar i Fjord1.
Utfrå dagens kurs vil eit slikt kjøp koste vel 420 millionar kroner.
Kjøpet av aksjane skal gjerast gjennom ein omvendt bokbyggingsprosess, og det er eit vilkår for aksjekjøpet at prisen er på eit nivå som Havila aksepterer.

Investor

Per Sævik og familien i Havila Holding har sikra finansiering for kjøpet av ein investor som det ikkje er opplyst kven er.
Dersom transaksjonen vert gjennomført vil Havila Holding og investoren eige i overkant av to tredjedeler av Fjord1.
Både Per og Vegard Sævik er styremedlemar i Fjord1.

Transport- og reiselivsselskap

Det vert opplyst at føremålet er å utvikle Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, herunder gjennom ei potensiell konsolidering med Havila Kystruten.
Prosessen for kjøpsordren går ut tysdag klokka 08.30.
Oppkjøpet utløyser ikkje tilbodsplikt.

Publisert: 09.12.2019 19:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47