Planlegg utbygging i O Ersta
SENTERSAMLING: Lars Ove Løseth og Lars Løseth (i framgrunnen) i det nye kjøpesenterselskapet LL Drift møtte leiinga AMFI Ørsta og AMFI Nordfjordeid i dag. Begge sentra går ut av AMFI-kjeden og inn det nye kjedeselskapet. I løpet av hausten kjem ny logo på plass. Bak frå venstre Svein William Nilsen i Coop Eiendom, Bjørn Moen i Moengården Vest, kjøpesenterleiar Inger Sandvik Sundnes i Ørsta, kjøpesenterleiar Gro Gjerdervik på Nordfjordeid, Ivar Moen frå Moengården Vest og utleigedirektør Else Andersen i LL Drift.
Nytt

Planlegg utbygging i Ørsta

At Løset-familien skilte lag med Thon Gruppen sine Amfi-senter gjer at det blir ny fart i planane om å utvide kjøpesenteret i Ørsta.

12.03.2019
Planane om å bygge ut kjøpesenteret i Ørsta har blitt liggande litt på is i påvente av kommunale reguleringsplanar og ei avklaring rundt etableringa av Løseth- og Sørbøefamiliens si nye kjøpesenterkjede, i følgje Lars Løseth.
I dag var han og sonen Lars Ove Løseth i Ørsta for å møte kjøpesenterleiinga i Amfi Ørsta og Amfi Nordfjordeid, som begge blir ein del av den nye kjøpesenterkjeda. Namnet på den nye kjeda er førebels ikkje offentlegjort. Den omfattar pr. i dag 18 senter.

Plass til vekst

I Ørsta er det plass til å utvide senteret både mot vest, nord og aust.
Utviding blir det, men kor stor og korleis blir ikkje avgjort i år, i følgje Løseth.
- Vi må jobbe fram eit realiserbart og lønsamt prosjekt, seier han.

Vekst på Nordfjordeid

Senteret i Ørsta er eigd av Løseth-familien, medan den er 25 prosent medeigar i senterbygget på Nordfjordeid.
Etter eit stor utviding i 2016 hadde senteret på Nordfjordeid stor vekst i 2017, og i fjor var det to sentra omlag like store med 376 (Nordfjordeid) og 384 millionar kroner (Ørsta) i samla omsetning i butikkane.

Publisert: 12.03.2019 15:49

Sist oppdatert: 23.06.2021 13:03

Mer om