Platina Seafood inn i Hofseth
HOFSETH INTERNATIONAL-AKSJONÆR: Lakseeksportør André Skarbø vil ha ein fot innanfor produksjon og foredling også.
Nytt

Platina Seafood inn i Hofseth

André Skarbøs eksportselskap Platina Seafood er blitt medeigar i foredlingsselskapet Hofseth International. Satsar og på landbasert oppdrett i utlandet.

23.06.2017
Platina Seafood blei medeigar i Hofseth International i 2016, og sit med ein aksjepost på 6,08 prosent. Partane er samde om å ikkje opplyse prisen på aksjeposten, skriv Skarbø i ein epost til NETT NO.

Kjøpet gjer at Platina Seafood på Stranda får ein fot til innanfor eigarsida i både produksjon og vidareforedling.
- Vi er inne i heile verdikjeda, skriv Skarbø, og viser til at Hofseth International både driv foredling av laks og aure, og i tillegg er medeigar i oppdrettselskapet Fjordlaks.

Betydleg investering

Frå før eig Platina Seafood også aksjar i Atlantic Sapphire. Atlantic Sapphire er i ferd med å byggje eit landsbaserte oppdrettsanlegg i USA og er også storaksjonær i danske Langesand Laks, som alt er i gang med landbasert oppdrett. Arbeidet i USA blir leia av Johan E. Andreassen, som grunnla det økologiske lakseoppdrettselskapet Villa Organic (no ein del av Lerøy Seafood) på Vestnes.
I 2015 gjekk Platina Seafood inn som medeigar i Atlantic Sapphire.
- Det er ein del av strategien vår å kjøpe oss inn i matfiskoppdrett for å få fleire bein å stå, sa Skarbø til NETT NO då.

Han vil ikkje opplyse kor stor investeringa er pr. i dag, er eller kor stor eigarandel han har i Atlantic Sapphire ut over at det er ei betydleg investering.
- Eg vil seie den er betydleg for meg, seier Skarbø.
Poenget med USA-satsinga er mellom anna å sleppe å frakte laks til den amerikanske marknaden over heile Atlanteren, og å kunne marknadsføre laksen som produsert i USA.

God butikk

André Skarbø vore tilbakehalden med utbytte etter at han kjøpte ut Norsk Sjømat og blei eineeigar i 2011, men for 2015 tok han ut to millionar, og etter 2016 foreslår styret fire millionar kroner i utbytte. Før det vart overskotet liggande i selskapet for å finansiere vidare vekst.

Selskapet vart etablert som Norsk Sjømat Trading i 2005, og var deleigd av Norsk Sjømat.
I 2011 kjøpte André Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.

Gode utsikter

Skarbø seier lønsemda for 2017 kjem an på lakseprisutviklinga, men at han håpar på eit minst like godt år i 2017 som 2016.
I haust trur han det blir press på lakseprisen , eit prisfall som vil kome lakseindustrien til gode - noko som også Platina Seafood vil tene på, slik Skarbø ser det.
Vi er inne i heile verdikjeda

Publisert: 23.06.2017 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11