Politiet Betydeleg angrep
INGEN KOMMENTAR: Fleire media har meldt at Vard er utsett for eit stort dataangrep. Selskapet sjølv er taust og politet seier berre at dei etterforskar eit betydleg dataangrep, men ikkje mot kven. 
Nytt

Politiet: - Betydeleg angrep

Politiet har starta etterforsking av stort dataangrep. Vil ikkje kommentere om det er kravd betaling.

08.06.2020
- Vi har mottatt ein anmeldelse frå eit selskap, som gjeld datakriminalitet, seier Kjell Arne Hestad.
Hestad er leiar for felles eining for etterforsking, etterretning og forebygging i Møre og Romsdal Politidistrikt, som har ansvaret for etterforskinga.
Hestad vil førebels ikke kommenterer kva selskap som er råka, trass i at fleire aviser har skrive at det er skipsbyggingkonsernet Vard. Vard har i fleire dagar ikkje svara på spørsmål frå media

Kartlegge og avgrense

Etterforskinga er i ei innleiande fase der politiet er varsam med å gi detaljar av omsyn til etterforskinga, ifølgje Hestad.
Målet i starten er både å få oversikt over omfanget av angrepet, sikre spor og avgrense skadeverknadene for selskapet som er råka, seier han.

Betydeleg angrep

- Det er eit betydeleg angrep som har betydning for verksemda, seier Hestad om omfanget av dataangrepet.
Det er liten tvil om at det er snakk om eit angrep, og ikkje eit uhell.
- Det er vi ganske sikre på, seier Hestad.
NETT NO spør om det er retta krav om betaling frå selskapet frå dei som står bak angrepet.
- Det ønskjer eg ikkje å kommentere, seier Hestad.

Publisert: 08.06.2020 17:30

Sist oppdatert: 04.01.2022 16:45