Politiet Vard er framleis under angrep
VERFTSBESØK: Næringsminister Iselin Nybø og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland i samtale med Vard-sjef Erik Haakonsholm under eit pressearrangement om krisepakka for maritim industri 27. mai. Få dagar etter besøket overskugga dataangrepet konsekvensane av koronakrisa for Vard.
Nytt

Politiet: Vard er framleis under angrep

Politiet stadfestar at Vard er målet, og at dataangrepet framleis råkar selskapet.

26.06.2020
- Datainnbrotet som er anmeldt, det er i Vard-konsernet, seier Kjell Arne Hestad. Hestad er leiar for felles eining for etterforsking, etterretning og forebygging i Møre og Romsdal Politidistrikt, som har ansvaret for etterforskinga av dataangrepet på Vard.
Dette er den første offisielle stadfestinga av at det er Vard som er under angrep.
Vestnesavisa melde om datainnbrotet 2. juni og avisa Nordre dagen etter.

Hestad seier Vard framleis er under angrep.
- Det er framleis sånn at Vard har konsekvensar at eit datainnbrot, seier Hestad.

Taus om krav

Etterforskinga er framleis i ein kartleggingsfase, saman med Vard. Av omsyn til etterforskinga vil Hestad ikkje kommenter når datainnbrotet skjedde, om politiet kjenner til kvar angrepet kjem frå eller om det er sett fram krav om betaling frå Vard frå dei som står bak.
For to dagar sidan karakteriserte Hestad innbrotet som eit "betydeleg angrep med betydning for verksemda".

Fryktar fleire angrep

Større datakunnskapar om kriminelle gjer at Hestad venter fleire dataangrep mot næringslivet i året som kjem enn i året som har gått.
Den italienske verftsgruppa Fincantieri eig Vard-konsernet. Vard eig tre skipsverft i Norge, eitt i Brasil, to i Romania og eitt i Vietnam.
Dei norske verfta er Vard Brattvaag, Vard Langsten og Vard Søviknes.
Hovudkontoret ligg i Ålesund. Der er også Vard Design.
Vard eller Fincantieri har så langt ikkje kommentert dataangrepet.
Det er framleis sånn at Vard har konsekvensar at eit datainnbrot

Publisert: 26.06.2020 10:59

Sist oppdatert: 04.01.2022 16:49

Mer om