Vidar Aasestrand - Polyform foto marius
PLASTFABRIKK: Frå fabrikken på Blindheim i Ålesund eksporterer Vidar Aasestrand og Polyform mellom anna bøyer og blåser til meir enn 60 land. 
Nytt

Polyform satsar på offshore

Plastfabrikken vil ut i ein ny marknad. – Vi ser eit veldig stort potensial for vidare vekst her, seier Polyform-sjefen.

Marius Rosbach
26.08.2019
Dei aller fleste har sett eit Polyform-produkt, kanskje utan å vite det. Med eit 8500 kvadratmeter stort lokale på Blindheim - med plass til å vekse, ser blåse, bøye- og fenderfabrikken etter nye marknader.
I dag har Polyform tre bein å stå på – fiskeri, fritidsbåter og havbruk. No satsar dei også innan offshore og undervassoperasjonar – eller subsea.

– Vi har etablert oss sterk innan både fritid, fiskeri og havbruk. Havbruk er framleis eit vekstområde, men også offshore eller subsea er interessant. Ein ting er at oljeindustrien er i endring, men det er subsea innen mange samanhengar, til dømes mudring og hamner. Vi skal ikkje ned på dei store djupnene, men ned til 1000 meter er eit bra område for oss, seier administrerande direktør Vidar Aasestrand i Polyform til NETT NO.
I desse dagar søker dei difor etter ein seljar på desse områda. Aasestrand trur eit velutbygd distribusjonsnett kombinert med nokre nye kontaktar vil hjelpe dei på vegen.
– Vi trur det vil kome meir teknologi inn i bilde og at vi kan lære av marknaden. Vi ser eit veldig stort potensial for vidare vekst her, og litt fram i tid ser vi på dette som eit fjerde bein å stå på, legg han til.

– På høgde med bindersen og ostehøvelen

Industribedrifta vart starta på 1950-talet og har i dag 70 tilsette. Dei heile starta med gründerane Knut Beyer-Olsen og Otto Steffensen, som i 1955 laga verdas første luftfylte garnblåse i plast.
– I mine auge er det på høgde med bindersen og ostehøvelen, seier Aasestrand.
Etter at det vart rekordomsetnad og resultat i 2017, butta det i mot i fjor – men i år er dei tilbake på vekstsporet. Då NETT NO snakka med Aasestrand i juni, kunne han fortelje at dei så langt låg framfor rekordåret på alle områder.

Polyformsjefen:



Tredelt produksjon

I dei 8500 kvadratmeter store lokala er produksjonen i stor grad automatisert. Bedrifta har og vore med å utvikle spesialtilpassa robotar til fabrikken saman med Kitech i Vestnes.

Produksjonen er delt i tre. I ein del lagar dei blåsar og liknande i pvc-plast, der mykje går til fiskeri og fritidsmarknaden.
I enden av lokalet lokalet kjem det ut lange «spagettitrådar», som mellom anna blir til flottørar og fenderlister av lukka celleskum. I ein tredje del av fabrikken lagar dei større hardskalprodukt av PE-plast.

Lagar «Tryg»-livbøya

Det mest kjende produktet er truleg «Tryg»-livbøyene som ein finn langs heile kysten. Men polyform-bøyer og blåser finst over heile verda. Drygt 60 prosent av omsetnaden kjem frå eksport til meir enn 60 ulike land.
– Oppblåsbare garnblåser til fiskeri er det største segmentet vårt. Men også fritidsbåtsegmentet er stort med båtfenderar og lister. Dei siste åra har havbruk vorte ein viktigare marknad med fortøyingsbøyer, fortel Aasestrand.

Les også:



I mine auge er det på høgde med bindersen og ostehøvelen

Publisert: 26.08.2019 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38