Populaert aa investere i smaakraftverk
SELT: Tryggestad Kraft med Litlebø kraftverk på Hellesylt blei tidlegare i år selt til finske Suomen Voima.
Nytt

Populært å investere i småkraftverk

Utlendingar vil ha grøn profil - fleire sal på Nordvestlandet. 

11.08.2020
(NPK): Fleire utanlandske pensjonsfond vil ha ein grøn profil. No byrjar dei å kjøpe seg opp i norske småkraftverk.
Norske småkraftverk er attraktive for utanlandske pensjonsfond fordi eigarane spør etter grøne investeringar. Det seier Petter Sætre, bransjeansvarleg for småkraft og energi i Sparebanken Møre, til .
– Fleire av dei har mandat frå eigarane sine om at eit minimum av investeringa skal vere grøn, seier Sætre.

Kring éin av fem eigd i utlandet

Tal frå NVE, gjevne att av kanalen, viser at 18,3 prosent av i alt 737 norske småkraftverk i fjor var i utanlandske hender. Sidan då har det blitt meldt om ei rekkje sal.
Etter vassdragsforskrifta skal store vassdragsprosjekt ha offentleg eigarskap. Det gjeld derimot ikkje småkraftverk.

Salg i Nordfjord og Hellesylt

I juli kjøpte Småkraft AS, som er eigd av det nederlandske pensjonsfondet APG, halvparten av aksjane i Ytre Kandal Kraft i Gloppen kommune i Nordfjord.
Pensjonsfondet frå Nederland er i dag den største utanlandske eigaren på norsk jord.
Tidlegare i år blei på Hellesylt selt til Finsk Kraft.

Les også:



Publisert: 11.08.2020 11:19

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:38

Mer om