Prisane steig dobbelt aa mykje her som i resten av fylket
STERKT FJORÅR: Prisveksten på bruktbustader i Ålesund kommune var meir enn dobbelt så høg som i resten av fylket i fjor. 
Nytt

Prisane steig dobbelt å mykje her som i resten av fylket

Bustadprisane veks langt meir i Ålesund enn i andre områder av Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
06.01.2021
Fersk statistikk frå Eiendom Norge viser at Ålesund kommune hadde ei auke i bustadprisane på 7,9 prosent i løpet av 2020.
Det er meir enn det doble av prisveksten i distrikta utanom dei store byane i Møre og Romsdal. Her steig prisane med 3,6 prosent i løpet av fjoråret.
Molde og Kristiansund kan notere seg for ein prisvekst på høvesvis 4,3 og 5,4 prosent i fjor.
Den samla prisveksten for bruktbustader her til lands, var på 8,7 prosent i fjor. Spesielt eit område som Oslo trekk opp, med ein prisvekst på heile 12 prosent.

Meiner lokalmarknaden viste musklar

Utviklinga i bustadmarknaden har gjort til skamme dei fleste spådommar som kom då koronapandemien slo til. Nordvestlandet har ikkje vore noko unntak.
Regionleiar Andre Nakken i Notar på Sunnmøre sa til at marknaden lokalt har vist musklar.
Ålesund har i løpet av det siste året notert seg med , og spesielt sentrumsnære leilegheiter i Ålesund

Selt rekordmange bustader

Administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge fortel at 2020 blei det sterkaste året for marknaden sidan 2016.
– Ingen trefte med sine prognosar for bustadmarknaden i 2020, noko som skuldast at null-renteavgjerda frå Norges Bank den 7. mai var umogleg å føresjå, seier han i ei pressemelding onsdag.
Både i desember og fjoråret som heilheit blei det selt rekordmange bustader her til lands. I prosent for , og for året som heilheit. I 2020 blei det selt 99.581 bustader i Norge, ei auke på 6,7 prosent frå 2019.

Les også:




Publisert: 06.01.2021 15:01

Sist oppdatert: 08.04.2021 13:08