– Prisoppgangen klarer ikkje å demme opp for volumnedgangen, seier salssjef Vidar Naalsund i Surofi (Sunnmøre og Romsdal Fiskesalgslag) om fangsinntektene så langt i år.
Surofi har monopol på førstehandsomsetninga av torsk, sei, hyse og andre kvitfiskartar som blir levert til mottak og fiskeindustribedrifter på Sunnmøre og i Romsdal.
13 prosent verdifall
Per veke 17 i år, som blei avslutta 26. april, vart det handla fisk for 1,56 milliardar kroner gjennom Surofi. I same periode i 2025 var verdien 1,78 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 13 prosent.
I kroner per kilo er det i gjennomsnitt snakk om ein auke på 24 prosent frå 2025 til 2026. Men når fangsten i tonn samstundes går ned med 29 prosent, betyr det lågare inntekt enn i fjor.
I heile 2025 auka fangstverdien med 21 prosent samanlikna med 2024, medan fangsten i tonn fall med seks prosent.
Høgt nivå
Tysdag skal Naalsund presenterer fangst- og prisstatistikk når Surofi arrangerer årsmøte og fagseminar i Ålesund.
Han understrekar at verdifallet for fangsten skjer frå eit rekordnivå i i fjor.
I år ligg det så langt ligg an til å bli det nest høgaste historiske nivået for flåten som sel fangsten gjennom Surofi har hatt.
Sei-svikt
Runar Debess, som er ansvarleg for Sparebanken Møre sine utlån til fiskeflåten, seier det så langt ser ut til at marknaden toler det høge prisnivået.
Men han er bekymra for bestandsutviklinga og overraska om svikten i seifisket. Både i fjor og hittil i år har sei vore fiskeslaget med høgst samla verdi av fiskeslaga som blir handla gjennom Surofi-systemet, før torsk og hyse.
Men i år har seifangsten i tonn blitt redusert med 44 prosent samanlikna med same periode i år.
Ola Øvrelid i Sparebank 1 SMN seier fleire fiskeriselskap har vore heldige med timinga av fisket og fått auke lønsemd, trass reduserte fangstar generelt. Han vil likevel vente til alle fiskebåtrekneskapa er på plass før han konkludere om tilstanden for flåten.
Publisert: 05.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 05.05.2026 06:24






