Prisfall etter rekordaar
UVISSE: Koronaepideminen har skapt så stor uvisse at Surofi-direktør Sveinung Flem ikkje torer spå noko om korleis det går i 2020. 
Nytt

Prisfall etter rekordår

Konsekvensen av koronaepidemien er prisfall i heile kvitfiskmarknaden, men førebels er prisfallet til å leve med for sjømatnæringa, meiner Surofi-sjefen.

13.05.2020
- I den store samanhengen er det slik at sjømatnæringa er mindre råka av covid-19 enn dei fleste andre næringa, seier administrerande direktør Sveinung Flem i Surofi (Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag).
Salslaget organiserer førstehandsomsetninga av fisk i sitt område, og er saman med Norges Råfisklag og Vest-Norges Fiskesalslag, eitt av dei tre store salslaga for kvitfisk (torsk, seie, hyse og liknande fiskeslag. Pelagisk fisk, som sild og makrell, blir seld gjennom Norges Sildesalgslag).
I 2019 blei det omsett fisk for 2,7 milliardar kroner gjennom Surofi, som er ny rekord. I år er Flem så usikker på pris- og etterspørselsutviklinga at han ikkje vil spå om utfallet.

Prisfall på ferskfisk

Ferskfiskmarknaden var den første marknaden som blei råka då styresmaktene verda over stengte ned samfunn for å bremse koronasmitte. Grunnen var at restaurantane, som er viktige ferskfiskkundar, stengte.
No har prisfallet spreidd seg til heile marknaden, mellom anna fordi folk er blitt permitterte eller har mista jobben. Det reduserer kjøpekrafta, og gjer at folk heller vel billegare mat enn fisk.
Epidemien har også endra forbrukarvanar. Flem brukar Portugal som døme. I staden for å kjøpe heile flak av klippfisk vil forbrukarane no ha den kutta i bitar og emballert.
Ei svakare krone, som gir ein gunstigare vekslingskurs for norsk eksport, har dempa verknaden av prisfallet, men ikkje nok til å hindre at fisk er blitt dårlegare betalt også i norske kroner.

Til å leve med

Trass prisfallet er det inga krise.
- Fortsatt opererer vi på ein prisnivå der eg trur alle vil seie at dette kan vi leve med, seier Flem.
Han meiner likevel det er fornuftig å ha planar for kva som skal gjerast om det blir langt verre.
- Her er først og fremst stor usikkerheit, seier han om marknaden.

Arbeid på vent

Dei tre kvitfisk-salslaga sende i fjor ut på høyring eit framlegg om meir bruk av auksjon når fisken skal omsettast. Bakgrunnen for framlegget var kritikk frå fiskeindustrien, som meiner mangel på auksjonshandel gjer at den hadde vanskar med å få tak i råstoff.

Målet var å vurdere høyringsinnspela og legge fram eit endleg framlegg i løpet av første halvår. Koronaepideminen har gitt fiskesalgslaga så mange nye oppgåver at arbeidet med framlegget er utsett. Flem seier laga håpar å ha eit framlegg til endringar klart til å kunne gjelde frå komande årsskiftet.

Publisert: 13.05.2020 12:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57