Samla førstehandsverdi på dei fem viktige fiskelaga torsk, sei, hyse, makrell og sild blir på omlag 14 milliardar kroner for norske fiskarar i år. Det anslår sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Nordea. I fjor var tilsvarande verdi omlag 12 milliardar.
Dette skjer trass kraftig kutt i kor mykje torsk, sei og makrell fiskarane fekk fiske i år samanlikna med i fjor. Prisauken meir enn veg opp for kvotekutta. Frykt for eit inntektskutt er gjort til skamme.
– Med kraftig prisauke har det blitt eit godt år både for pelagiske og kvitfiskflåten, seier Egeness. Han presenterer sine vurderinga av marknadsutvikling på årsmøtet til Fiskebåt Vest i Ålesund i dag.
78 prosent opp makrellen
Aller størst prisvekst er det hyse som har hatt. Fisken er mellom anna populær i den britiske retten fish and chips. Gjennomsnittsprisen til fiskar er hittil i år 39,28 kroner per kilo, viser prisstatistkken frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalglag (Surofi). Det 75 prosent opp samanlikna med same tidsrom i 2024. I kilo er fangsten ned ni prosent.
Torsken har auka med 31 prosent, til 54,53 kroner kiloen. Samstundes er det levert 30 prosent mindre torsk, målt etter vekt. Seien har auka med 44 prosent, til 21,06 kroner per kilo i gjennomsnitt i år - og fangsten har gått opp fire prosent.
(Både torsk, sei og hyse er såkalla kvitfisk, etter fargen på kjøtet.)
Pelagisk fisk er fisk som lever i dei frie vassmassane, altså ikkje på botnen.
Av pelagiske artar er det sild og makrell som betyr mest økonomisk. Tal frå Norges Sildesalgslag fortel om ein prisauke på 78 prosent for makrellen hittil i år, til eit gjennomsnitt på 37,88 kroner kiloen. Fangsten i kilo er ned 37 prosent samanlikna med i fjor.
For sild er det berre mindre endringar, både i pris og mengde.
Russlandeffekt
I tillegg til effekten av redusert tilbod på grunn av av fiskekvotane er krympa er det og andre faktorar som er med og løfta prisen på fisk.
Prishoppet på hyse forklarar Egeness med at USA har slutta å kjøpe hyse fiska av russiske fiskarar, som ein del av sanksjonane mot Russland på grunn av krigen mot Ukraina. Det aukar etterspørselen etter norsk hyse, og dermed prisen.
For torsken er salet vridd mot dei best betalande kundane. Det er i første omgang klippfisk- og tørrfiskindustrien, og i neste omgang høvesvis Portugal og Italia der klippfisk og tørrfisk har ein sterk posisjon. Torsken nyt også godt av god produktutvikling i industrien og auka innpass i restaurantmarknaden.
For makrellen bidreg auka popularitet og vekst i talet på japanske restaurantar, mellom anna i Kina, til auka etterspørsel etter makrell. Dei japanske restaurantane set makrell på menyen i utlandet som dei gjer i heimlandet. Det medverkar til at andre kunder blir interesseret i makrellen der dei japanske restaurantane kjem inn.
Publisert: 05.12.2025 12:44
Sist oppdatert: 05.12.2025 12:44






