Prishopp paa brukthytter fullwidth
HØGSESONG: Vinterferien er høgsesong for eigedomsmeklar Julianne Sørheim (innfelt) i Privatmegleren Ålesund. Det er rekordtider både i i sal av nye og brukte hytter. På Strandafjellet står blant andre Frode Håkon Kjølås bak Blådalslia-prosjektet (innfelt), som Sørheim skal arbeide med å selje. Hovudbiletet viser bygging av ny bru til eitt av hytteområda på Strandafjellet. Foto: Ogne Øyehaug/Privatmegleren
Nytt

Prishopp på brukthytter

På Strandafjellet steig hytteprisen langt meir enn landsgjennomsnittet etter koronapandemien.

19.02.2021

Stranda er ekstrem-eksemplet på Nordvestlandet. I 12-månadersperioden før koronapandemien kom var gjennomsnittsprisen 34.700 kroner kvadratmeteren for brukte hytter. Etterpå er den 38.000 kroner.

Ser vi alle dei største hytteområda for sunnmøringar og nordfjordingar under eitt er det snakk om ei prisstigning på 2,6 prosent på kvadratmeterprisen på brukte hytter i 12-månadersperioden etter koronakrisa starta, samanlikna med dei 12 månadane før.

- Det kan du vere ganske trygg på, seier eigedomsmeklar Julianne Sørheim i Privatmegleren Ålesund om sjansen for å kunne selje med avkastning om du kjøper hytte i nordvestlendingane sine mest populære hytteområde; Grotli, Stryn, Strandafjellet, Fjellsetra i Sykkylven, Overøye i Stordal og Bjorli.


Hytte grafikk salg nordvestlandet 2020 44 nettnothird

Hornindal er også populært, men der har det ikkje vore noko brukthytte-marknad å snakke om. Meir om det seinare.

Sørheim har sett saman statistikk over prisutvikling og kor mange brukte hytter i desse områda som har skifta eigar sidan 2011.

Talet på brukthyttehandlar skiftar mykje frå år til år, men tendensen er klar - fleire brukte hytter skiftar eigar.

Flest eigarskifte er det på Bjorli, medan Stranda og Sykkylven har skifta på å vere den nest største marknaden for brukte hytter dei siste åra (Sjå tabell)

Høgsesong
I dag startar vinterferien, høgsesongen for hyttemeklarane. For Julianne Sørheim blir det ikkje ferie, ho skal arbeide med Blådalslia-prosjektet, eit nytt hyttefelt på Strandafjellet rett vest for Roaldsheisa.

I første steg er det 55 hyttetomter som skal seljast og lenger fram planlegg utbyggarane også leilegheiter.

Stor utbygging har gjort at Stranda dei siste åra har hala inn på Stryn som den største hyttekommunen på Nordvestlandet, og med Blådalslia-prosjektet vil Stranda ta ytterlegare innpå.

Les også: Stranda mot hyttetoppen

Per Knut Aaland Ka re Tvinnreim Inge Olsen nettnohalf
TOK AV: Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend i Hornindal sette salsrekord i fjor. Ingen tvil om at det er koronaepidemien som var årsaka til det gode salet, seier han. Foto: Ogne Øyehaug

Stor utbygging
Veksten i sal av brukte hytter har skjedd samstundes med ei stor nybygging på Nordvestlandet, ei nybygging som skaut fart etter at koronaepidemien gjorde at nordmenn måtte legge vekk ferieplanar i utlandet.

Det var epidemien som mellom anna gjorde at hytteutbyggingselskapet Harevadet Hyttegrend i Hornindal sette ny rekord i selde tomter i fjor.

- Det er det ikkje tvil om, sa dagleg leiar Inge Olsen i Harevadet Hyttegrend til NETT NO i desember 2020.

Les også: Korona både hindra og sikra rekord

26 selde tomter selde Olsen i fjor. Det er 10 fleire enn i førre rekordår. Hittil i år er ytterlegare sju tomter selde.

Hyttefeltet ligg ved vest for traseen til skisenteret. Dei første tomtene i feltet vart seld i 2012 og så langt er det berre tre hytter som er seld vidare i bruktmarknaden.

Selskapet har no berre 14 hyttetomter og tre tomter til leilegheitsbygg med fire leilegheiter i kvar att å selje. Det betyr dei siste tomtene i det omlag 120 store tomtefeltet ligg an til å bli seld i 2021/2022.

Rekordår
I 2020 blei det seld 8916 hytter i Noreg - ein auke på 35,8 prosent frå 2019 ifølgje fritidsbustadstatistikken Eiendom Norge, Eiendomsverdi AS og Finn Eiendom presenterte i går.

- Oppgangen i både prisar og omsetningsvolum i hyttemarknaden i 2020 overgår alt vi har sett tidegare, sa administrerende direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge i ei pressemelding i samband med at statistikken blei lagt fram.

Prisane for fritidsbustadar steig med 5,5 prosent i 2020. Hytter ved sjøen auka 11,5 prosent, hytter på fjellet 4,9 prosent og hytter i innlandet med 3,2 prosent.

2,3 millionar
Gjennomsnittsprisen for tinglyste hytter i 2020 var på 2.305.000 kroner (+ 8,2 %), medan den noe meir edruelege medianprisen landa på 1.800.000 kroner (+ 6,8 %), skriv selskapet Prognosesenteret om hyttemarknaden.

Den gjennomsnittlige kvadratmeterprisen for bruksarealet blei 31.100 kroner (+ 7,3 %).

Prognosesenteret trur færre hyttet kjem for sal i år, samstundes som etterspørselen vil halde seg høg. Konsekvensen blir prisstiging.


Publisert: 19.02.2021 11:08

Sist oppdatert: 01.04.2022 10:43

Mer om