Fiskebåtreiarlaget Lerøy Havfisk brukte omlag sju prosent mindre drivstoff i fjor enn året før, men drivstoffrekninga blei likevel 169 millionar kroner høgare og enda på i overkant av 400 millionar.
Gjennomsnittprisen på diesel steig frå i underkant av fem kroner literen i 2021 til omlag 9,50 kroner literen i fjor.
Selskapet kutta ned på talet på fangstdøgn og reduserte også drivstofforbruket i drifta, fortel dagleg leiar Eldar Farstad i Lerøy Havfisk, men dei kutta var langt frå store nok til å kompensere for prisauken.
Nedgang i år
Lerøy Havfisk, med 10 trålarar og hovudkontor i Ålesund, er ein del av Lerøy Seafood Group.
Saman med fiskeforedlingselskapet Lerøy Norway Seafood utgjer Lerøy Havfisk forretningsområde villfisk i Lerøy-konsernet. Lerøy Seafood Group offentleggjer berre delårstal for forretningsområde villfisk, ikkje for Lerøy Havfisk og Lerøy Norway Seafood kvar for seg (sjå tabell under).
Auka pris trekte inntektene frå fangstverksemda opp i fjor, medan det lønsemda gjekk ned hos foredlingsleddet.
I år kan kutt i torskekvotane medverke til at fiskebåtreiarlaget får reduserte inntekter samanlikna med 2022, ifølgje Farstad. Økonomisk er torsk det viktigaste fiskeslaget for reiarlaget.
| Forretningsområde villfisk
i Lerøy Seafood Group | ||
| Per. 4. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3117 | 2695 |
| Driftsresultat | 348 | 340 |
| Forretningsområde villfisk i Lerøy Seafood Group | ||
| 4. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
| Driftsinntekt | 554 | 620 |
| Driftsresultat | -9 | 73 |
| Lerøy Seafood Group ASA | ||
| Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
| Driftsinntekt | 24646 | 23073 |
| Driftsresultat | 4283 | 3604 |
| Resultat før skatt | 4067 | 3532 |
Publisert: 21.02.2023 11:11
Sist oppdatert: 21.02.2023 11:14






