Prodsync med Trond Lars Nydal Foto Tone Molnes
VINNARANE: Frå venstre, Sparebanken Møre-sjef Trond Lars Nydal (t.h.) med Næringteft-vinnarane Stig Aron Kamonen, Ole-Martin Steinnes og Asbjørn Velde Ebbesvik i Prodtec. Foto: Tone Molnes
Nytt

Prodsync til topps i Næringsteft

Satsa på kulturbransjen og vann éin million kroner.

12.03.2026

Asbjørn Velde Ebbesvik, Ole-Martin Steinnes og Stig Aron Kamonen i Prodsync har utvikla eit planlegging- og styringsverktøy for aktørar i live- og eventbransjen.

Ideen blei belønna med ein million kroner i premie, som er førsteprisen i Sparebanken Møre sitt årlege gründerarrangement Næringsteft. Vinnaren blei kåra under bankens årlege investorseminar, Børs & Bacalao, torsdag.

I grunngjevinga forkåringa skriv juryen at dei tre «har laget et verktøy som sikrer en god og effektiv arrangementsproduksjon fra start til slutt. Tjenesten tar seg av alle detaljene og som håndterer produksjon fra tidlig planlegging til ferdig arrangement».

Draghjelp
– Vi har eit marknadsklart produkt i løpet av våren, seier dagleg leiar Asbjørn Velde Ebbesvik.

I første omgang er Skandinavia satsingsområdet og festival- og konsertmarknaden målgruppa. I neste omgang er målet å vinne innpass i USA, og utvide kundegrunnlaget til andre typar arrangement.

Næringsteft-millionen vil gi selskapet god draghjelp i den skandinaviske lanseringa. For vidare vekst er det naudsynt å hente meir kapital, seier Ebbesvik.

Han og medgrunnleggar Kamonen har lang erfaring frå festival- og konsertarrangement, medan Steinnes har teknologi-bakgrunn.

Kursing og konkurranse
Næringsteft er er ein kombinasjon av kursing i å starte bedrift, drive fram ideutvikling og trene på å presentere ideen for potensielle investorar.

I tillegg er det ein konkurranse. Av dei 35 av deltakarane i 2025/2026-sesongen av Næringsteft som valde å melde seg på konkurransedelen av programmet, gjekk fem til finalen (sjå under).

Alle deltakarane i konkurransen frå 50.000 kroner i premien, og dei som fire finalistan som ikkje gjekk heiolt til topps får 200.000 kroner i tillegg.

Næringsteftfinalistane 2025/2026   
SelskapKommuneIdéPersonar
Senior Labs asKristiansundTrenings- og navigasjonsteknologi for ortopedisk kirurgiErling Andrea Fagerlie, Vidar Fagerheim, John Magne Hoseth, Bjarte Løfaldli
Etterspurt asVestnesLokal arbeidsmarknadsplattform for Nav og arbeids- og inkluderingsbedrifterIngvild Hage
Nodian asHustadvikaGjere lokalmat meir synleg og effektivisere direktesalLars Inderberg, Magnus Kvendseth Øye
Prodsync as*ØrstaPlanlegging- og styringsverktøy for aktørar i live- og eventbransjen.Asbjørn Velde Ebbesvik, Ole-Martin Steinnes, Stig Aron Kamonen
Done IT asAverøyApp for å velge rett verneutstyrLars Bratsberg Aae, Kristianne Bratsberg Aae, Torbjørn Aae
* Næringsteftvinnar 2026   

Publisert: 12.03.2026 20:10

Sist oppdatert: 16.04.2026 13:31

Mer om