Nytt
Prodtex-kontrakt i Molde
Skal levere robotcelle til Molde-selskapet Astero.
Administrator
07.02.2020
Partane opplyser ikkje verdien, men dagleg leiar Tore Roppen seier til NETT NO at oppdraget er ei betydeleg kontrakt for Prodtex. Dette blir den første robotcella Prodtex leverer til ein ekstern kunde.
Robotcella består av to sveiserobotar som skal sveise stålkomponentar, montert på ei 13 meter lang vegghengt skinne, og to robotarmar for handtering av konstruksjonarob blir programmert frå ein digital tvilling av robotcella - utvikla av Prodtex.
Astero har frå før investert i industrimaskiner som laserskjæring, knekking og maskinering. Poenget med robotcella er mellom anna å styrke konkurranseevne mot utlandet.
- Investeringa er strategisk viktig for oss, og vil styrke vår posisjon som leverandør til den lokale industrien, som i dag opplever prisauke fra lavkostland, seier dagleg leiar Per Olav Myrstad i Astero i ei pressemelding.
Avtalen mellom Astero og Prodtex omfatter også tenester til design og redesign av produkt tilpassa moderne produksjon.
Prodtex arbeider for tiden med utvikling av stålfabrikk i Vanylven.
Nye produksjonsmetodar som blir utvikla der vil opne nye marknadar for Prodtex, håpar Roppen.
- Teknologien som bli utvikla og testa i fabrikken vil kome annan industri til gode. Vi designar og leverer komplette produksjonsceller til ulike kundar, og merkar at mange bedrifter no tek dei digitale utfordringane, samt utfordringar i eiga verdikjede meir på alvor», seier Roppen i pressemeldinga.

Les også:
Publisert: 07.02.2020 14:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52