PSV kjoepar glapp for Kleven
IKKJE SELT: PSV-en som har ei lang og kronglete historie, blir ikkje bygd ferdig med det første. Kleven-verftet overtok skipet frå Havyard tidlegare i år og hadde kontrakt med eit kanadisk reiarlag, som blei kansellert. 
Nytt

PSV-kjøpar glapp for Kleven

Måndag kom meldinga fleire har frykta.

Marius Rosbach
07.09.2020
Green Yard Kleven kom ikkje i mål med ei salskontrakt til den aktuelle kjøparen av forsyningsskipet som ligg til kai ved verftet.
Administrerande direktør Kjetil Bollestad opplyser til at reiarlaget har valt å ikkje gå for kjøpet, men at han ikkje kjenner den konkrete årsaka for avgjerda.
– No bli det litt som å starte på nytt, men vi er framleis optimistiske til at vi skal få ei løysing, seier han til avisa.
NETT NO har tidlegare omtala salet av PSV-en som har vore ved verftet i arbeid. Seint i juli låg det an til at det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing .

Les også:



Kansellert etter konkurs

PSV-en skulle etter planen vere leveringsklar til hausten, men det kanadiske selskapet kansellerte kontrakten etter at Kleven Verft gjekk konkurs.
Skipet vart opphavleg bestilt i 2014 av islandske Fafnir Offshore, og skulle etter planen byggjast ved Havyard Leirvik.
Avtalen vart deretter utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017. Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing kontrakten på skipet, men det blei igjen store forseinkingar ved Havyard-verftet i Leirvik i Sogn.
I mars blei det kjent at Kleven overtok skrog- og skipsbyggingskontrakten, som i tillegg inngjekk ny kontrakt med reiarlaget.

Les også:






Publisert: 07.09.2020 12:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02