Nytt
På Kroken kom på pallen
Ungdomsbedrift frå Stryn fekk tredjeplass i NM i kampen om størst verdiskapingspotensiale.
07.05.2020
Gjennom ungdomsbedrifta På Kroken har fire elevar ved Stryn vidaregåande skule utvikla ein metallkrok som kan festast i bordkanten, og brukast til å henge skulesekken på.
Torsdag fekk dei tredjeplass i kåringa av ungdomsbedrifta med størst verdiskapingspotensiale under NM for ungdomsbedrifter.
Det enda med tur til sjukehuset og seks veker sjukmelding.
Denne til Ane Nythun Grønfur, Marte Lunde Sætre, Nikola Jurigova og Hannah Sofie Flaten på Stryn Vidaregåande skule.
Ungdomsbedrifter er bedrifter for elevar i vidaregåande skular. For ungdomsskuleelevar er det elevbedrifter, og for studentar studentbedrifter. Dei er bedrifter akkurat som eit aksjeselskap, men med tilsyn og avgrensingar som skal hindre tap og erstatningsansvar, og blir avvikla når skuleåret er omme.
På Kroken er einaste ungdomsbedrift frå Nordfjord/Sunnmøre som gjekk vidare til intervjurunden i NM-finalen. Arrangementet gjekk føre seg på nett - av koronasmittevernomsyn.
Torsdag fekk dei tredjeplass i kåringa av ungdomsbedrifta med størst verdiskapingspotensiale under NM for ungdomsbedrifter.
Armbrot gav ideen
På første skuledag for knappe tre år sidan gjekk lærar Trine Vik Nygård bak i klasserommet for å levere ein namneskilt til ein elev som kom inn litt etter dei andre. Då ho snudde seg for å gå fram til kateteret snubla ho i ein skulesekk som låg på på golvet, stupte framover og braut overarmen på to plassar.Det enda med tur til sjukehuset og seks veker sjukmelding.
Denne til Ane Nythun Grønfur, Marte Lunde Sætre, Nikola Jurigova og Hannah Sofie Flaten på Stryn Vidaregåande skule.
Utvikle entreprenørskap
NM for ungdomsbedrifter blir arrangert av organisasjonen Ungt Entreprenørskap. Dei arbeider for å fremje vilje og evne til å utvikle idear og etablere bedrifter hos elevar og studentar.Ungdomsbedrifter er bedrifter for elevar i vidaregåande skular. For ungdomsskuleelevar er det elevbedrifter, og for studentar studentbedrifter. Dei er bedrifter akkurat som eit aksjeselskap, men med tilsyn og avgrensingar som skal hindre tap og erstatningsansvar, og blir avvikla når skuleåret er omme.
På Kroken er einaste ungdomsbedrift frå Nordfjord/Sunnmøre som gjekk vidare til intervjurunden i NM-finalen. Arrangementet gjekk føre seg på nett - av koronasmittevernomsyn.
Publisert: 07.05.2020 20:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57