Denne veka har sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets besøkt Nordvestlandet og halde innlegg på Sparebank1 SMN sine førjulsarrangement.
Andreassen meiner folk enno ikkje har tatt inn over seg kva som blir følgjene av auka rente. Rentene stig ikkje fordi det har blitt meir fart i økonomien, dei stig fordi dei var for lave tidlegare. No medverkar renteauken til å bremse den økonomiske aktiviteten.
- Vi her no heilt på slutten av ein sterk høgkonjunktur. Vi skal inn i noko som minner om ein lavkonjunktur, seier han.
Stigande arbeidsløyse
Hausten har utvikla seg betre enn Andreassen trudde; det er framleis høg økonomisk vekst og lav arbeidsløyse.
Men også inflasjonen er høgare enn både Andreassen og Noregs Bank venta tidlegare i haust.
Høgare rente betyr at krava til lønsemd aukar, som dempar investeringane. Også høge straumprisa bit, og frå januar eller februar neste år trur Andreassen arbeidsløyse kjem til å stige.
Meir renteauke
Andreassen ventar ein ny renteauke frå Noreg Bank seinare denne veka, opp frå 2,5 prosent.
Han trur Noregs Bank i denne omgang med renteauke vil nå ein topp på tre prosent, eller kanskje litt over.
Publisert: 09.12.2022 13:35
Sist oppdatert: 09.12.2022 13:42