Paa veg fraa Istanbul til Stad
ERVIK: Nye Vestkapp og Nye Frøyanes junior har passert Lesbos på veg til Stad.
Nytt

På veg frå Istanbul til Stad

Autonlinebåtane Frøyanes Junior og Vestkapp har starta på reisa frå Istanbul til Stad. 14. desember er det dobbeldåp.

28.11.2019
- Vi inviterer til opne båtar og stor feiring, seier Stig Ervik i Ervik-reiarlaget.
Dei to båtane går saman frå Tersan-verftet utanfor Istanbul og heile vegen til Leikanger, der dåpen skal skje.
Torsdag ettermiddag passerte Stad-duoen vest for den greske øya Lesvos.
- Dei skal etter planen vere heime 10. desember, seier Stig Ervik.
Han rosar arbeidet på Tersan, der dei to 51 meter lange autolinefartøya er ferdig utrusta.
- Her vart dei faktisk ferdige før tida. Eine båten skulle vere ferdig i løpet av desember, den andre i februar neste år.

Endå eit nybygg

Frøyanes Junior og Vestkapp skal i hovudsak fiske torsk og hyse i nordområda. I tillegg har selskapet bestilt ein 60,5 meter langt linebåt få Tersan.
- Denne båten skal vere ferdig i 2021 og skal fiske tannfisk i Sørishavet.
Ervik-reiarlaget har seld dei eldre fartøya Kamaro og Keltic.
- Det kan verte til at vi sel endå eitt av dei eldre fartøya vi har, seier Ervik.

Fleire fiskarar

Han opplyser at det trengst litt ekstra mannskap.
- På nyebåtane skal vi ha to fulle skift, så vi har allereie tilsett nokre fleire fiskarar.
- Det er ikkje problem å få tak i mannskap, seier Ervik.
Kvar av dei nye faryøya kostar rundt 175 millionar kroner.
- Vi har hittil bygt fem fartøy ved Tersan, og vi er godt fornøgde med pris og kvalitet, seier Stig Ervik.
Skipa er designa av Herøy-selskapet Marin Teknik.

Les også:




Det er ikkje problem å få tak i mannskap

Publisert: 28.11.2019 16:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46