Roekke boersnoterer krillselskap
KRILL: Aker Biomarine-direktør Matts Johansen saman med tidlegare fiskeri- og snømatminister Harald Tom Nesvik om bord i Vard Brattvaag-bygde Arctic Endurance. Bak står krillkapteinane Arnljot Vågsholm og Hans Jan Leite.
Nytt

Røkke børsnoterer krillselskap

Røkke samanliknar Aker Biomarine-sjef Matts Johansen med Liverpool-manager Jürgen Klopp.

19.06.2020
Krillselskapet Aker Bimoarine skal børsnoterast, og hentar no inn 2,15 millardar kroner gjennom ein retta emisjon mot utvalde investorar.
Det opplyser Aker i .

Mercur Markets

I første omgang skal selskapet noterast på Mercur Markets, men planen er å kome inn på hovedlista innan mars neste år.
Meklarhusa Arctic Securities, DNB Markets og SEB er hyra inn for å kunne gjennomføre emisjonen.
I børsmeldinga samanliknar hovedeigar og styreleiar Kjell Inge Røkke Aker Biomarine-sjefen Matts Johansen med Liverpool-manager Jürgen Klopp.
- Liverpool er Liverpool, og slik vil det alltid vere. Men Liverpool har vorte noko heilt anna etter at Jürgen Klopp overtok som manager i 2015.
- Eg brukar å seie det same om Aker Biomarine, som har vorte noko heilt anna etter at Matts overtok som administrerande direktør.

- Stor interesse

Aker opplyser at Aker Biomarine har store vekstplanar. Det vert også opplyst at ein har mottatt betydeleg interesse for å delta i emisjonen frå institusjonelle investorar både i USA og Norden.
Aker sier at emisjonen «har mottatt betydelig interesse» fra institusjonelle investorer i både Norden og USA, og flere skal allerede har forpliktet seg til å delta.
Emisjonskursen i tilbodet er sett til 115.85 kroner aksjen, som prisar selskapet til åtte milliardar kroner.

Rettssak

Aker Biomarine omsette i fjor for 246 millionar dollar, med eit justert driftsresultat (justert EBITDA) på 53 millionar dollar.
Selskapet er i ein pågåande rettsstrid med Stig Remøy-kontrollerte Rimfrost om produksjonsteknologi. Aker Biomarine tapte mot Remøy både i tingretten og i lagmansretten, men har no anka krilldomen til Høgsterett.

Publisert: 19.06.2020 08:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58