Raftevold stenger doerene
VINTERSTENGT: Hotellet på Grodås blei heilårshotell i 2012, men denne vinteren blir det stengt. 
Nytt

Raftevold stenger dørene

Havila-hotellet Raftevold i Hornindal stenger for vinteren.

27.08.2020
Frå 1. september i år og ut mars 2021 er det ikkje råd å bestille rom på Havila Hotel Raftevold si nettside.
NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med reiselivsdirektør Gunther Dahler i Havila Hotels, som eig hotellet på Grodås i Hornindal, .

Heilårshotell frå 2012

Dei førre eigarane, Petra Wieth og Jens Brokmann, la om til heilårsdrift då dei kjøpte hotellet i 2012. Etter omlegginga auka driftsinntektene frå sju til 10,8 millionar kroner.

I 2018 selde Wieth og Brokmann hotellet til Havila Holding.

2017-reknskapen for hotellet på Grodås viste ei driftsinntekt på 14,4 millionar kroner og eit resultat før skatt på 1,2 millionar kroner. I 2018 - som er den sist tilgjenglege reknskapen - var driftsinntektene 14,1 millionar kroner og resultatet før skatt minus 0,3 millionar kroner.
Havila Holding eig også 45 prosent av Thon Hotel Fosnavåg, Hotel Ivar Aasen i Ørsta og Hotell Geiranger i Geiranger, det siste kjøpt i 2019.

Publisert: 27.08.2020 17:03

Sist oppdatert: 08.04.2021 11:10