Nytt
Rakettstart i København
Starten på Slettvoll Møbler sit København-satsing blei over dobbelt så bra som venta.
13.01.2020
Slettvoll-sjef Bjørn-Helge Vik hadde budsjettert med eit sal på 1,5 millionar kroner frå Slettvoll Møbler opna butikken sin i København 2. oktober i fjor og fram til årskiftet. Fasiten blei 3,6 millionar.
- Det er litt artig. Det er for oss ei betydelig investering, seier Vik om starten for butikken i København.
Frå før har Slettvoll butikkar i Gøteborg, Malmø og Stockholm, i tillegg til forhandlarnettet med 15 butikkar i Noreg. Stockholm-butikken sel for 50 millionar kroner i året. Berre butikken på Skøyen i Oslo, med sine 100 millionar, er større.
- Målet er å få den opp på Stockholmnivå så fort som mogleg, seier Vik om forventningane til butikken i København.
Då seier det seg sjølv at om København-butikken blir like stor som i butikken i Stockholm betyr det merkbart meir å gjere på Stranda.
Vik anslår at det vil ta tre-fire år å lære den danske marknaden godt å kjenne.
- Den danske møbelmarknaden er kanskje den tøffaste i Europa, seier Vik.
Slettvoll byggjer marknadsføringa i København på erfaringa frå Stockholmbutikken, der fornøgde kundar som fortel om Slettvoll til sine vener og kjente er viktig for å lukkast. "Ringar i vatnet" kallar Vik denne marknadsføringsmetoden, og karakteriserer den som "ein seig modell, der kvar kunde er ekstremt viktig".
Selskapet merkar alt i 2016 effekten av at kundane kunne studere møblane og interiørvarene på nettet. Færre folk kom i butikkane, men dei som kom handla meir enn før og brukte kortare tid.
Den trenden har halde fram, seier Vik. No i januar utvidar Slettvoll og tilbodet på nett ved at kundane kan få sin eigen "min side" i på nettet der dei kan administerere eigne bestillingar og ønskjelister. Han meiner likevel det er alt for tidleg for Slettvoll å opne ein komplett netthandel. Til det er netthandel for lite utvikla, og manglar lønsemd, meiner han.
Han trur på eit samspel mellom nett og fysisk butikk.
- Eg trur at i Slettvoll kjem den fysiske butikken til å vere kjernen i det vi held på med veldig veldig lenge, seier Vik.
- Det er litt artig. Det er for oss ei betydelig investering, seier Vik om starten for butikken i København.
Frå før har Slettvoll butikkar i Gøteborg, Malmø og Stockholm, i tillegg til forhandlarnettet med 15 butikkar i Noreg. Stockholm-butikken sel for 50 millionar kroner i året. Berre butikken på Skøyen i Oslo, med sine 100 millionar, er større.
- Målet er å få den opp på Stockholmnivå så fort som mogleg, seier Vik om forventningane til butikken i København.
Viktig for fabrikken
Suksess i København kan også bli viktig for fabrikken på Stranda, som produserer Slettvoll sine stolar og sofaer. Butikkane sel møblar og interiørvarer for omlag 400 millionar kroner i året, og omlag 50 prosent av dette er sittemøblane Slettvoll sjølv produserer.Då seier det seg sjølv at om København-butikken blir like stor som i butikken i Stockholm betyr det merkbart meir å gjere på Stranda.
Treng fleire år
Slettvoll brukte eitt år på å finne det rette lokalet i København og eit halvt år på rekruttering.Vik anslår at det vil ta tre-fire år å lære den danske marknaden godt å kjenne.
- Den danske møbelmarknaden er kanskje den tøffaste i Europa, seier Vik.
Slettvoll byggjer marknadsføringa i København på erfaringa frå Stockholmbutikken, der fornøgde kundar som fortel om Slettvoll til sine vener og kjente er viktig for å lukkast. "Ringar i vatnet" kallar Vik denne marknadsføringsmetoden, og karakteriserer den som "ein seig modell, der kvar kunde er ekstremt viktig".
Opna på nett
I desember i fjor opna Slettvoll også delvis for handel på nett, der kundane kan bestille interiørvarer og hente dei i næraste butikk.Selskapet merkar alt i 2016 effekten av at kundane kunne studere møblane og interiørvarene på nettet. Færre folk kom i butikkane, men dei som kom handla meir enn før og brukte kortare tid.
Den trenden har halde fram, seier Vik. No i januar utvidar Slettvoll og tilbodet på nett ved at kundane kan få sin eigen "min side" i på nettet der dei kan administerere eigne bestillingar og ønskjelister. Han meiner likevel det er alt for tidleg for Slettvoll å opne ein komplett netthandel. Til det er netthandel for lite utvikla, og manglar lønsemd, meiner han.
Han trur på eit samspel mellom nett og fysisk butikk.
- Eg trur at i Slettvoll kjem den fysiske butikken til å vere kjernen i det vi held på med veldig veldig lenge, seier Vik.
Publisert: 13.01.2020 10:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49