Nytt
Rakettvekst for Norva24
Norva24-konsernet er blitt nesten ti gangar større på fire år.
02.07.2020
I 2015 var driftsinntektene til Norva24-konsernet 146 millionar kroner, i 2019 1,3 milliardar kroner.
Septik-og avfallhandteringskonsernet har 14 datterselskap; i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland og hadde 847 tilsette ved utgangen av 2019. Hovudkontoret er i Stryn, der store deler av administrasjonen sit.
Det svenske investeringsfondet Valedo Partners Fund II AB kom inn som medeigar i 2015 og eig 53,8 prosent av selskapet. To Stryn-selskap, Isco (Kristina, Ivar Loen, Malvin og Jan Erik Sandbakk) og AHB Invest (Arild Bødal) eig høvesvis 5,8 og 5,5 prosent i konsernet.
- Vår bransje var overmoden for konsolidering, sa Arild Bødal, medeigar og styremedlem i Norva24 Holding til NETT NO i 2017.
Saman med Birkeland-familien i Gulen og Sandbakk-familien i Stryn bygde Bødal opp Septik 24, med hovudkontor i Stryn, som i dag er ein del av Norva24-konsernet.
I 2014 sette Septik 24-eigarane seg saman og vurderte vegen vidare. Slik dei såg det var det tre alternativ; halde fram som før, satse på gradvis vekst i Noreg finansiert med eiga inntening, eller alliere seg med ein partnar med meir kapital og satse på å bli ein leiande aktør i den nordiske marknaden.
Dei valde det siste alternativet og fekk med seg Valedo Partners. Det var starten på det som i dag er Norva24-konsernet.
I 2017 kjøpte konsernet seg inn i den danske marknad og etablerte seg utanfor Noreg før første gang. I dag er Norva24 også inne i Sverige og i fjor kjøpte konsernet eit selskap i Tyskland.
I fjor hadde konsernet eit resultat før skatt på 17,9 millionar kroner, mot minus 17 millionar i 2018. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida.) Styret skriv at resultater "er noe preget av engangskostnader i forbindelse med transaksjoner og omorganiseringer".
Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummar, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummar og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Deler av innsamla biologisk/organisk materiale som Norva 24 tek seg av blir bearbeidd på eige anlegg, anna blir frakta og levert til andre bearbeidingsanlegg.
Septik-og avfallhandteringskonsernet har 14 datterselskap; i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland og hadde 847 tilsette ved utgangen av 2019. Hovudkontoret er i Stryn, der store deler av administrasjonen sit.
Det svenske investeringsfondet Valedo Partners Fund II AB kom inn som medeigar i 2015 og eig 53,8 prosent av selskapet. To Stryn-selskap, Isco (Kristina, Ivar Loen, Malvin og Jan Erik Sandbakk) og AHB Invest (Arild Bødal) eig høvesvis 5,8 og 5,5 prosent i konsernet.
Starta i Stryn
Ideen til konsernet vart klekt ut i Stryn.- Vår bransje var overmoden for konsolidering, sa Arild Bødal, medeigar og styremedlem i Norva24 Holding til NETT NO i 2017.
Saman med Birkeland-familien i Gulen og Sandbakk-familien i Stryn bygde Bødal opp Septik 24, med hovudkontor i Stryn, som i dag er ein del av Norva24-konsernet.
I 2014 sette Septik 24-eigarane seg saman og vurderte vegen vidare. Slik dei såg det var det tre alternativ; halde fram som før, satse på gradvis vekst i Noreg finansiert med eiga inntening, eller alliere seg med ein partnar med meir kapital og satse på å bli ein leiande aktør i den nordiske marknaden.
Dei valde det siste alternativet og fekk med seg Valedo Partners. Det var starten på det som i dag er Norva24-konsernet.
I 2017 kjøpte konsernet seg inn i den danske marknad og etablerte seg utanfor Noreg før første gang. I dag er Norva24 også inne i Sverige og i fjor kjøpte konsernet eit selskap i Tyskland.
I fjor hadde konsernet eit resultat før skatt på 17,9 millionar kroner, mot minus 17 millionar i 2018. (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida.) Styret skriv at resultater "er noe preget av engangskostnader i forbindelse med transaksjoner og omorganiseringer".
Septik- og avfallshandtering
Norva 24 driv på fleire felt:Innsamling, transport og behandling av slam frå private septiktankar, kommunale kloakkrenseanlegg og renseanlegganlegg.
Vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass-og avløpsanlegg, kummer og anna infrastruktur knytta til eigedom, vegar og næringsbygg og -areal. Det omfattar mellom anna spyling og kamerainspeksjon av alle typar ledningsnett, tøming og kontroll av ulike kummar, kloring og trykkprøving av ledningsnett, tøming av sandfang, vegkummar og feittavskillarar.
Tømming og rensing av blant anna skipstankar og tankar og rør på fleire industri- og raffinerianlegg, mellom andre Mongstadraffineriet.
Deler av innsamla biologisk/organisk materiale som Norva 24 tek seg av blir bearbeidd på eige anlegg, anna blir frakta og levert til andre bearbeidingsanlegg.
Publisert: 02.07.2020 06:00
Sist oppdatert: 18.11.2021 10:11