Nytt
Raude tal etter hektisk år
Larsnes Mek. Verksted gjekk på ein liten smell i fjor etter eit svært hektisk år.
16.07.2019
Omsetninga for Sande-selskapet kom i fjor opp i 460 millionar kroner, og resultatet før skatt minus fire millionar.
Året før var omsetninga 496,5 millionar og resultatet før skatt 18,8 millionar kroner.
På 14 månader hadde verftet fem båtdåpar.
I løpet av fjoråret vart kystbåten Gunnar K. levert til Kristoffersen Fiskebåt i Myre, i juni vart brønnbåten Ro Fortune levert til Rostein, og i desember vart kystsnurparen Hovden Viking levert til Hovden Senior-reiarlaget.
Den hektiske perioden for Sande-verftet vart kulminert siste helga i februar med dåp av den 43 meter lange kystnotbåten Nordhavet til Arvesen-reiarlaget på Ibestad.
- Det har gått i eitt. Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats, men det er ingen tvil om at det vart meir arbeid enn det burde vere.
- , slik at ein har noko å strekke seg etter. Om det derimot vert for mykje, så er det ikkje bra for nokon, seier Gunnarstein.
Ved verftet ligg no den 75 meter lange trålaren Zephyr til Zephyr Shipping Company på Volsey klar for utrustning.
Etter planen skal shetlendaren vere klar i august.
Deretter kjem skroget til ein 84 meter lang brønnbåt til Rostein, eit skrog som er bygd ved Marine Project i Gdansk, som Sande-verftet lenge har brukt som skrogverft.
Selskapet har ein samla eigenkapital på 44 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på vel 13 millionar.
For fjoråret vert det null i utbyte for aksjonærane, mot 1,5 millionar kroner i fordeling året før.
Brønnbåtselskapet eig 68,75 prosent av selskapet, som har 13 øvrige aksjonærar.
Størst etter Rostein er Jarle Gunnarstein med 5,63 prosent, føre Tatjana og Karim Longva, kvar med 4,06 prosent.
Året før var omsetninga 496,5 millionar og resultatet før skatt 18,8 millionar kroner.
På 14 månader hadde verftet fem båtdåpar.
I løpet av fjoråret vart kystbåten Gunnar K. levert til Kristoffersen Fiskebåt i Myre, i juni vart brønnbåten Ro Fortune levert til Rostein, og i desember vart kystsnurparen Hovden Viking levert til Hovden Senior-reiarlaget.
Den hektiske perioden for Sande-verftet vart kulminert siste helga i februar med dåp av den 43 meter lange kystnotbåten Nordhavet til Arvesen-reiarlaget på Ibestad.
For mykje på for kort tid
I mars uttalte verftsdirektør Jarle Gunnarstein til NETT NO at verftet hadde tatt på seg vel mykje.- Det har gått i eitt. Dei tilsette har gjort ein kjempeinnsats, men det er ingen tvil om at det vart meir arbeid enn det burde vere.
- , slik at ein har noko å strekke seg etter. Om det derimot vert for mykje, så er det ikkje bra for nokon, seier Gunnarstein.
Shetlandsk trålar
På det meste var 160 arbeidarar innom portane, men den faste staben på verftet er på 65 tilsette.Ved verftet ligg no den 75 meter lange trålaren Zephyr til Zephyr Shipping Company på Volsey klar for utrustning.
Etter planen skal shetlendaren vere klar i august.
Deretter kjem skroget til ein 84 meter lang brønnbåt til Rostein, eit skrog som er bygd ved Marine Project i Gdansk, som Sande-verftet lenge har brukt som skrogverft.
Vil byggje dokkhall
Verftet har også store utbyggingsplanar, mellom anna er det presentert planar for ein ny dokkhall på 130 meter lengde og 40 meter breidde.Selskapet har ein samla eigenkapital på 44 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på vel 13 millionar.
For fjoråret vert det null i utbyte for aksjonærane, mot 1,5 millionar kroner i fordeling året før.
Brønnbåtselskapet eig 68,75 prosent av selskapet, som har 13 øvrige aksjonærar.
Størst etter Rostein er Jarle Gunnarstein med 5,63 prosent, føre Tatjana og Karim Longva, kvar med 4,06 prosent.
Publisert: 16.07.2019 12:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37