Alle tilsette, leigekontrakter og investeringar i butikk vart frå 1. mars samla i driftsselskapet Moods Wholesale. Frå denne tid vil Moods Retail ikkje ha drift, men eksistere som selskap.
Dette opplyser styret i årsmeldinga for 2015.
12 millionar av minusresultatet skuldast nedskrivingar i samband med omlegginga.
No har styret redusert lønsutgifter og gjort andre tilpasningar med ein samla effekt på seks millionar kroner.
Skatt Vest krev klesprodusenten for 18,6 millionar kroner for betaling av arbeidsgjevaravgift, skatt, trygdeavgift og tilleggsskatt for åra 2009 - 2013.
Styret skriv i årsmeldinga at ein har klaga i si heilheit på kravet, og meiner at tilsetterabatten var rimeleg.
Både leiinga og selskapet sin advokat meiner at selskapet har god sjanse til å vinne fram i Skatteklagenemnda, eventuelt i domstolane, og har difor heller ikkje sett av midlar til kravet i 2015-rekneskapen.
Til Dagens Næringsliv uttalte dagleg leiar Jan Erik Flo at konsernet i 2017 og 2018 forventar ei omsetning på rundt 350 millionar kroner og ha til saman 40 butikkar.
- No kan vi drive meir lønsomt og bli ein betydelig aktør i marknaden igjen, sa Flo.
No er det satsing i Norge som tel.
Morkonsernet Moods of Norway hadde driftsinntekter på 245 millionar kroner og eit underskot før skatt på 31 millionar kroner i fjor, ifølgje DN.
Dette opplyser styret i årsmeldinga for 2015.
Stort tap
Endringa skjer etter eit tøft år der Moods Retail reduserte inntektene frå 154,8 til 139,3 millionar kroner og resultatet før skatt enda på minus 31 millionar kroner.12 millionar av minusresultatet skuldast nedskrivingar i samband med omlegginga.
Reduserte lønskostnader
Stryn-baserte Moods Retail har butikkar i ti byar, inkludert tre butikkar i Oslo. Selskapet hadde ved årsskiftet 78 årsverk fordelt på 216 heil- og deltidstilsette.No har styret redusert lønsutgifter og gjort andre tilpasningar med ein samla effekt på seks millionar kroner.
Strid om klesrabattar
Selskapet har også ein pågåande skattestrid med Skatt Vest som meiner Moods of Norway ga urimeleg gode, skattefrie rabattar på klede til sine tilsette.Skatt Vest krev klesprodusenten for 18,6 millionar kroner for betaling av arbeidsgjevaravgift, skatt, trygdeavgift og tilleggsskatt for åra 2009 - 2013.
Styret skriv i årsmeldinga at ein har klaga i si heilheit på kravet, og meiner at tilsetterabatten var rimeleg.
Både leiinga og selskapet sin advokat meiner at selskapet har god sjanse til å vinne fram i Skatteklagenemnda, eventuelt i domstolane, og har difor heller ikkje sett av midlar til kravet i 2015-rekneskapen.
Oppkjøp
Trass i det dårlege fjoråret, satsar Moods of Norway offensivt vidare og kjøpte i juli klesbutikk-kjeden Brandstad.Til Dagens Næringsliv uttalte dagleg leiar Jan Erik Flo at konsernet i 2017 og 2018 forventar ei omsetning på rundt 350 millionar kroner og ha til saman 40 butikkar.
- No kan vi drive meir lønsomt og bli ein betydelig aktør i marknaden igjen, sa Flo.
Satsar i Norge
Ein av grunnane til at Moods of Norway har slite dei siste åra, skuldast mellom anna ei feilslått storsatsing på USA-etablering.No er det satsing i Norge som tel.
Morkonsernet Moods of Norway hadde driftsinntekter på 245 millionar kroner og eit underskot før skatt på 31 millionar kroner i fjor, ifølgje DN.
Publisert: 01.08.2016 10:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59






