Det er Innovasjon Norge som står bak og deler ut merket for berekraftig reisemål.
Frå før er det berre Geirangerfjorden som har fått dette merket i Møre og Romsdal.
Forventningar frå reisande om at aktørane på eit reisemål arbeider med miljø-spørsmål er ei av årsakene til at arbeidet med å få Rauma berekraftsertifisert, seier reiselivssjef Torunn Dyrkorn i Visit Nordvest, reiselivsselskapet for Romsdal og Nordmøre, til NETT NO.
Starta i 2019
Arbeidet med å få Rauma godkjent som berekraftig reisemål starta i 2019.
Offentlege og private aktørar i kommunen måtte kartlegge og svare på status innan 124 kategoriar, frå utslepp og naturbelasting, til lokalmatleverandørar, satsing på heilårsturisme, miljøsertifisering av reiselivsbedrifter og handtering av cruisetrafikk.
Poenget er å starte ein prosess som ikkje sluttar med tildeling av berekraftsertifikatet, men som bli ført vidare gjennom stadige forbetringar og kontrollert ved at sertifikatet skal fornyast kvart tredje år. Då må planlagte tiltak vere gjennomført, og slik skal prosessen førast vidare i runde etter runde.
Fleire følgjer etter
Dyrkorn seier det blir vurdert om det skal starte eit arbeide fort å få fleire kommunar i Visit Nordvest-området til å berekraftsertifisert, men at det førebels ikkje er tatt ei avgjerd.
I Nordfjord er Visit Nordfjord i gang med første fase på ein søknad, fortel reiselivssjef Marita Lindvik. Kommunane Stryn, Stad, Gloppen og Bremanger har sagt ja til å vere med på søknaden, og tidleg på vinteren 2022 reknar Lindvik med at arbeidet med å få rekruttert bedrifter og lage ein handlingsplan er i mål.
Visit Ålesund og Sunnmøre er eitt steg bak Visit Nordfjord, med eit vedtak om å sette i gang ein søknadsprosess. Truleg blir det i første omgang søkt om berkraftsertifisering for Ålesund kommune, seier reiselivssjef Tom Anker Skrede i Visit Ålesund og Sunnmøre.
Publisert: 09.12.2021 11:00
Sist oppdatert: 09.12.2021 09:34