Bent Høie Annika Byrde NTB
OSLO: Helse- og omsorgsminister Bent Høie kom med nokre lettar på pressekonferansen fredag, men trinn fire av gjenopningsplanen blir ikkje gjennomført i sin heilskap enno. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Nytt

Regjeringa: Trinn fire når alle vaksne er beskytta

Regjeringa har utsett dei planlagde lettane i trinn fire i gjenopningsplanen til alle vaksne er beskytta. Men det er to unntak.

13.08.2021

(NPK-NTB-Andreas Løf, Fredrik Moen Gabrielsen, Ole Henrik Tveten, Johan Falnes og Tor Martin Kvernhaugen): Trinn 4 i gjenopningsplanen i sin heilskap lèt vente på seg. Men regjeringa gjer no to unntak:

* Frå førstkommande søndag får personar med opptak til doktorgradsutdanning ved ein norsk utdanningsinstitusjon moglegheit til å reise inn i landet igjen, med same innreisekrav som andre som reiser inn frå tredjeland.

* I tillegg blir avstandskravet for studentane no fjerna. Dermed må dei ikkje lenger sitje minst éin meter frå kvarandre når skuleåret startar. Andre skular blir tilrådde å starte på grønt nivå.

Helseminister Bent Høie (H) seier det er data og ikkje datoar som avgjer når trinn fire kan innførast.

– Men det mest sannsynlege tidspunktet er om cirka tre veker frå i dag, seier han på spørsmål frå TV 2.

– Pandemien er ikkje over
På pressekonferansen viste helseministeren til at smittetala går opp, og at ein no ser starten på ei fjerde bølgje. Det er venta at det blir ein smitteauke i samband med skule- og studiestart til veka.

– I dei neste tre vekene må vi halde fram med å halde smitten nede slik at smittespreiinga ikkje blir for høg og smittesporinga for krevjande for kommunane. Sjølv om vi har fått vaksine, må vi halde fram med å halde avstand til kvarandre i det offentlege rommet, halde oss heime når vi er sjuke, teste oss ved symptom og halde hendene reine, seier Høie.

Han understreka òg at pandemien enno ikkje er over, og at han heller ikkje vil vere over når dei fleste vaksne nordmenn er vaksinerte.

– Tida etter gjenopninga kallar vi normal kvardag med auka beredskap. Noreg ligg an til å ha ei av dei beste vaksinedekningane i verda, men i andre land er færre vaksinert, anten fordi dei ikkje har tilgang på vaksine, eller fordi folk ikkje ønskjer å ta vaksine, seier Høie.

– Pandemien er ikkje over enno. Det kan oppstå mutasjonar som gir meir alvorleg sjukdom, seier Høie.

Tida etter gjenopninga kallar vi normal kvardag med auka beredskap. Noreg ligg an til å ha ei av dei beste vaksinedekningane i verda
Bent Høie

Påskundar vaksineavgjerd
Helseministeren kommenterte òg gladnyheita om at Noreg får éin million fleire Moderna-dosar frå Polen, noko som vil påskunde vaksineprogrammet med fire veker.

– Takka vere ekstra dosar frå Polen vil størstedelen av befolkninga ha fått tilbod om dose to i løpet av fire vekers tid. Det er ein stor fordel i møte med aukande smitte, seier Høie, som sjølv fekk den andre vaksinedosen i heimkommunen fredag.

At den vaksne befolkninga blir så vaksinert raskt inneber òg at regjeringa kan påskunde vurderinga av om ein skal byrje å vaksinere dei under 18 år.

– Endeleg avgjerd om vi skal vaksinere 16- og 17-åringar blir påskunda, og vi vil ta ei avgjerd denne månaden og ikkje neste, seier Høie.

Utsett fleire gonger
Gjennomføringa av trinn fire vorte utsett to gonger, begge gonger på grunn av bekymring knytt til deltavarianten, som i større grad smittar vaksinerte.

Etter trinn fire kan toppidrett utøvast som normalt, avgrensingar i talet på gjester i heimen forsvinn, men offentlege arrangement blir framleis tilrådd haldne utandørs framfor innandørs.

Trinn fire inneber òg at kravet om bordservering på serveringsstader forsvinn, men kravet om sitjeplassar til alle gjester blir behalde.

Publisert: 13.08.2021 13:18

Sist oppdatert: 13.08.2021 13:23

Mer om