Sogn og Fjordane fylke og Selje kommune
SOGN OG FJORDANE: Den nye regjeringa opnar opp for å løyse opp Viken og Troms og Finnmark, men ikkje Vestland fylke, trass sterk motstand i Sogn og Fjordane. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Regjeringa vil ikkje løyse opp Vestland fylke

Ei oppløysing må i så fall Vestland fylke sjølv vedta.

NPK
14.10.2021

Vestland fylke må sjølv vedta å løyse opp fylkeskommunen ifølgje den nye regjeringsplattforma til Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Den påtroppande Sp-Ap-regjeringa opnar opp for å løyse opp Troms og Finnmark og Viken, men det blir verken folkerøysting eller omkamp i Vestland, skriv NRK Vestland.

Fylkesleiar Sigurd Reksnes i Sogn og Fjordane Senterparti er skuffa.

– Vi hadde håpa at regjeringa sjølv skulle ta initiativ til å gjennomføre folkerøysting i dei tidlegare fylka, det var det som var bestemt i programmet til Senterpartiet. Dette var ein skikkeleg nedtur, seier Reksnes til NRK.

Sterk motstand
I ei måling frå april
svarte 63,5 prosent av dei spurde i tidlegare Sogn og Fjordane at dei ville løyse opp storfylket Vestland. Berre 2,5 prosent ville halde på Vestland i ei folkerøysting.

Einaste måten å få splitta Vestland på, er at fylkestinget vedtek å sende ein søknad om dette innan 1. juli 2022. Men der er i dag fleirtal i Vestland fylkesting for å halde på samanslåinga.

Publisert: 14.10.2021 11:11

Sist oppdatert: 14.10.2021 14:37