(NPK-NTB-NETT.NO) Alle ferjer og hurtigbåtar i reiarlaget Boreal har fått seglingsnekt etter ein revisjon. Alle fartøy må liggje til kai inntil vidare, melder NRK.
– Vi har vore om bord på ein tilleggsrevisjon i dag. På bakgrunn av denne har vi no trekt tilbake tryggingsstyringsdokumentet, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NTB.
Det betyr at det er funne avvik i enkelte tryggingskriterium i samsvar med internasjonal lover og at fartøya no må liggje til kai på ubestemt tid.
Han seier at dette ikkje treng å bety at fartøya må liggje lenge til kai.
– Det kjem an på når reiarlaget kan få på plass forbetringane. Vi har fått signal om at dei vil komme med ein ny plan, så det vil nok skje ganske raskt, seier han.
På Nordvestlandet har Boreal hurtigbåtrutene Ålesund - Valderøya - Nordøyane, Hareid - Valderøya - Ålesund og Langevåg - Ålesund.
Reiarlaget har også ferjer og hurtigbåtar i Nordland, Troms og Finnmark, Rogaland og Vestland. NTB hadde seint onsdag ettermiddag ikkje lukkast med å få kommentarar frå selskapet.
– Vi har vore om bord på ein tilleggsrevisjon i dag. På bakgrunn av denne har vi no trekt tilbake tryggingsstyringsdokumentet, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NTB.
Det betyr at det er funne avvik i enkelte tryggingskriterium i samsvar med internasjonal lover og at fartøya no må liggje til kai på ubestemt tid.
Trur ikkje det vil vare lenge
Aarhus kan førebels ikkje gå i detalj på kva avvik som har vorte avdekte, men seier at det på eit generelt grunnlag kan omfatte alt frå overordna drift, hendingar, mangel på redningsvestar eller andre feil om bord.Han seier at dette ikkje treng å bety at fartøya må liggje lenge til kai.
– Det kjem an på når reiarlaget kan få på plass forbetringane. Vi har fått signal om at dei vil komme med ein ny plan, så det vil nok skje ganske raskt, seier han.
Utfordringar for reisande
NETT NO kjenner til at det har gitt store utfordringar for reisande, at avgangar er kansellert.På Nordvestlandet har Boreal hurtigbåtrutene Ålesund - Valderøya - Nordøyane, Hareid - Valderøya - Ålesund og Langevåg - Ålesund.
Reiarlaget har også ferjer og hurtigbåtar i Nordland, Troms og Finnmark, Rogaland og Vestland. NTB hadde seint onsdag ettermiddag ikkje lukkast med å få kommentarar frå selskapet.
Publisert: 16.12.2020 17:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09