Reisebyraa utvidar trass korona
UTVIDAR: Berg-Hansen Nordvest-sjef Sindre Skurtveit var torsdag i Førde for å sjå på lokale til nye kontor. 
Nytt

Reisebyrå utvidar trass korona

Etter fleire gode år har Berg-Hansen Nordvest musklar til å satse med nytt kontor, trass koronautfordringar.

Marius Rosbach
10.12.2020
Reiseselskapet Berg-Hansen Nordvest har hatt eit utfordrande år som følgje av koronapandemien. Takka vere svært gode økonomiske resultat dei siste åra, har selskapet likevel kapasitet til å satse i ny marknad og opne nytt kontor.
Torsdag sendte selskapet ut ei pressemelding om at dei utvidar med kontor i Førde. Ei utløysande årsak til at dei satsar no, er at Fjordane Reisebyrå nyleg bestemte seg for å avvikle.
– Vi hadde nok ikkje gått for dette akkurat no, om ikkje det var tilfelle. Men det å opne i Førde er ein del strategi om å satse på nye marknad lokalt, fortel administrerande direktør Sindre Skurtveit til NETT NO.
Med seg på laget i Førde får dei mellom anna Anne Oline F. Gullaksen, som kjem frå stillinga som dagleg leiar i Fjordane Reisebyrå.

For halv maskin – men skal tilsette fleire

Berg-Hansen Nordvest er no 25 tilsette og har planar om å tilsette fleire ved Førde-kontoret. Samtidig kjenner dei framleis koronapandemien på kroppen.
– Dei fleste av våre tilsette er permitterte i ein viss brøk av stillinga, og inntektene våre er redusert med om lag 50 prosent samanlikna med eit normalår, fortel Skurtveit.
Sjølv om reiseaktiviteten totalt framleis er svært låg, fortel Skurtveit at delar av næringslivet har dei same behova som før. Det gjeld til dømes reiarlag som skal ha mannskapa sine ut på skip, og ulike yrkesgrupper i Nordsjøen. Det gjer at aktiviteten har vore betre på Vestlandet, enn i andre delar av landet.

Rekordår og god lønnsemd

Reisebyrået med kontor i Ålesund, Fosnavåg og Volda, formidlar reiser for meir enn 400 millionar i året og har opplevd god vekst dei siste åra.
Årsrapporten viser at dei fekk provisjon og inntekter på drygt 32 millionar kroner i fjor. Det er ny rekord etter at inntektene har svinga kring 25 millionar i åra etter 2015. Også lønnsemda var svært god med eit overskott før skatt på 9,5 millionar. Det gir ein resultatmargin på nær 30 prosent.
– At resultatet blei sopass bra heng litt saman med nokre store prosjekt som vi har treft godt på, men vi har hatt gode år - og fjoråret var ekstra bra. Men vi konsentrerer oss først og fremst om å ha fornøgde kundar og tilsette. Då kjem resultata av seg sjølve, seier Skurtveit.

Jobbar med å omstille seg

Den solide økonomien har kome godt med i koronaåret. I tillegg til nytt kontor, jobbar dei med ulike prosjekt som skal gjere dei mindre utsett for svingingar slik som 2020 har gitt dei.
– Vi har nokre omstillingsprosjekt der vi har engasjert folk internt til å sjå på verksemd vi kan drive uavhengig av koronasituasjonen, fortel Skurtveit.
Selskapet har også motteke nær 600.000 kroner i støtte frå kompensasjonsordninga, grunna inntektssvikt som følgje av pandemien.
Å opne i Førde er ein del strategi om å satse på nye marknad lokalt

Publisert: 10.12.2020 12:31

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:29