NPK: 30.000 arbeidsplassar kan gå tapt i reiselivet dersom vi ikkje får på plass naudsynte tiltak for næringa, viser ein ny analyse.
Analysen er utført av Menon Economics og Universitetet i Søraust-Noreg. Basert på den har foreininga Norsk Reiseliv utarbeida ein rapport som konkluderer med at ein ved å opne grensene til Norden, Tyskland og etter kvart Nederland, vil redde 45 prosent av utanlandsturismen i Noreg.
– Ei opning av grensene til Norden og nærliggjande land som Tyskland, vil representere ein større krisepakke enn alle andre for norsk reiselivsnæring – utan å koste myndigheitene ei krone, seier direktør Per Arne-Tuftin i Norsk Reiseliv i ei pressemelding.
I pressemeldinga står det at ei samla norsk reiselivsnæring no ber om at næringsministeren og justisministeren opnar desse grensene i tråd med konklusjonen i rapporten.
Forslaget frå reiselivsnæringa baserer seg på regjeringa si tilnærming om at land med nokså lik smittesituasjon, i same nærområde opnar først. Regjeringa vil vurdere opning for fritidsreiser i Norden frå 15. juni.
– Vi er positive til at mange nordmenn seier at dei skal feriere i Noreg i sommar, men ifølgje rapporten seier 72 prosent at dei vil velje naturattraksjonar som ikkje kostar pengar, samstundes som svært mange seier dei vil velje dagsturar og korte opphald, seier Tuftin.
Han meiner at dersom fleire av dei mest populære ferielanda både for nordmenn og europearar opnar grensene sine for turistar i løpet av juni, og Noreg ikkje opnar for Norden og nærliggjande land, vil det føre til eit konkursras i norsk turistnæring.
Analysen er utført av Menon Economics og Universitetet i Søraust-Noreg. Basert på den har foreininga Norsk Reiseliv utarbeida ein rapport som konkluderer med at ein ved å opne grensene til Norden, Tyskland og etter kvart Nederland, vil redde 45 prosent av utanlandsturismen i Noreg.
Vil ha opne grenser
Rapporten har undersøkt konsekvensane av koronapandemien for den norske reiselivsnæringa.– Ei opning av grensene til Norden og nærliggjande land som Tyskland, vil representere ein større krisepakke enn alle andre for norsk reiselivsnæring – utan å koste myndigheitene ei krone, seier direktør Per Arne-Tuftin i Norsk Reiseliv i ei pressemelding.
I pressemeldinga står det at ei samla norsk reiselivsnæring no ber om at næringsministeren og justisministeren opnar desse grensene i tråd med konklusjonen i rapporten.
Forslaget frå reiselivsnæringa baserer seg på regjeringa si tilnærming om at land med nokså lik smittesituasjon, i same nærområde opnar først. Regjeringa vil vurdere opning for fritidsreiser i Norden frå 15. juni.
Mange nordmenn vel gratis tilbod
I tillegg til dei nordiske landa, meiner Norsk Reiseliv at det også bør opnast for Tyskland, som grensar til Danmark og har ferjegrense til Noreg gjennom Oslo-Kiel ferja. Tuftin etterlyser no tydlege datoar frå regjeringa og at datoane blir koordinert med det som skjer i EU.– Vi er positive til at mange nordmenn seier at dei skal feriere i Noreg i sommar, men ifølgje rapporten seier 72 prosent at dei vil velje naturattraksjonar som ikkje kostar pengar, samstundes som svært mange seier dei vil velje dagsturar og korte opphald, seier Tuftin.
Han meiner at dersom fleire av dei mest populære ferielanda både for nordmenn og europearar opnar grensene sine for turistar i løpet av juni, og Noreg ikkje opnar for Norden og nærliggjande land, vil det føre til eit konkursras i norsk turistnæring.
Publisert: 28.05.2020 11:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57