Reiselivet kan bli flinkare paa skreddarsaum til turistane
PUSLESPEL: Veronika Titova i Fjord Guides hadde med seg eit puslespel for å illustrere utfordringa med sette saman heile turistreisa. 
Nytt

Reiselivet kan bli flinkare på «skreddarsaum» til turistane

 – Vi bør plukke det beste vi har og sette det saman, levert som ei pakke, meiner guideoperatør. 

Marius Rosbach
07.04.2019
Interessa for å reise til Norge er aukande og Nordvestlandet har i løpet av ei lita veke fått vist seg fram for reiselivet frå store delar av verda under Norwegian Travel Workshop (NTW).
Meir frå NTW 2019:



Som eit puslespel

Veronika Titova i Fjord Guides meiner regionen bør bli betre på å sette saman heile reisa – sokalla «pakketering».
– Utanlandske turoperatører brukar masse energi for å finne, sjekke og teste alt frå bussar, mat og reisemål. Så opplevar dei at noko passar, og noko ikkje. Så forsøker dei igjen – og til slutt vert det eit produkt. Men eg trur regionen kan levere betre, seier ho til NETT NO.
På NTW hadde ho med seg eit puslespel for å illustrere. Her var det ulike «bussbrikkar», nokre matprodusentar og andre tilbod som trengst for å sy saman ei alt-inkludert-reise.
– Vi som er her på NTW kjenner regionen så godt. Vi bør plukke det beste vi har og sette det saman, levert som ei pakke, seier Titova.

Pakkar og unike turforslag

Reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre påpeiker at samarbeidet i regionen er godt, men at det sjølvsagt kan bli betre, til dømes med å selje pakkar til turoperatørar og direkte til gjestar – eller tilby unike turforslag.

– Vi kan bli flinkare. Eit hotell sel ofte bere seng, nokre timar av døgnet til turisten. Dei som jobbar med transport, guide, hotell – og andre – må sy saman større delar av kundereisa, seier han.
– Det er betre enn at ein turoperatør i Australia skal sitte og knytte desse punkta saman. Slik kan dei verte trygge på at kundane er godt teke vare på - slik at dei vil selje produktet.

Utfluktsdag på NTW

NETT NO møtte tidlegare i veka turoperatørar som selte turar til regionen frå kontor i Danmark, Sverige og India. Fleire fortalde om utfordringar med å finne fram til dei rette aktivitetane og reisemåla.
– Vi har fokus på dette saman med næringa, seier Skrede og viser til satsinga med å tilby alle deltakarane ein «turdag» under NTW i Ålesund.
– Det gjeld å sette saman opplevingar, attraksjonar og overnatting til spanande og attraktive pakkar. Desse må gjerast tilgjengeleg online og der gjestane søker etter inspirasjon.
Han påpeiker at Destinasjon Ålesund & Sunnmøre ikkje har rolla som eit bookingselskap, men skal bygge merkevara Sunnmøre. Så skal reiselivet sjølv ta seg av salet.
– Samstundes har destinasjonsselskapet hatt om lag 60 møter i løpet av Norwegian Travel Workshop. Framover må vi jobbe med å omsette dette i konkrete avtalar, seier Skrede.
Meir frå NTW 2019:



Publisert: 07.04.2019 06:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33