Reiselivssamarbeid gir nye tilbod
SAMARBEIDSGEVINST: Prosjektleiar Audun Hopland, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre-sjef Tom Anker Skrede, nestleiar Lars Gustavsen på Runde Miljøsenter og reiselivkonsulent Børre Berglund presenterte status for reiselivssamarbeidet mellom bedrifter og  kommunar på ytre søre Sunnmøre.
Nytt

Reiselivssamarbeid gir nye tilbod

Gjennom samarbeid har reiselivet på ytre søre Sunnmøre utvikla nye og større tilbod til både reisande og folk som bur i regionen.

27.10.2020
- Kvifor må eg finne ut heile reiseruta åleine.
Det har vore eitt av dei vanlegaste spørsmåla til turistinformasjonen i Ålesund i sommar, fortalde dagleg leiar Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre på eit arbeidsmøte i prosjektet for å utvikle reiselivsnæringa på søre Sunnmøre tysdag.
Første fase av prosjektet er i ferd med å kome i mål. Der er det mellom anna utvikla 30 ulike pakkar av reiselivsprodukt, og ytterlegare 30 pakkar er under arbeid, ifølgje prosjektleiar Audun Hopland.

Vidareutvikling

Skrede nemner samarbeidet mellom Ulstein Hotel i Ulsteinvik og Hakallegarden i Vanylven som døme på korleis det løner seg og samle fleire ulike tilbod i eitt.
Hotellet sel ikkje berre rom, men lokkar og med besøk på Hakallegarden, og badelandet i Ulstein Arena som eit samla tilbod.
Han meiner det har skjedd ei haldningsendring under vegs i prosjektet, frå å vere fokuserte på meg og mitt, til å sjå gevinsten av samarbeid.

Må bygge fyrtårn

Børre Berglund og kollegaene i rådgivingselskapet 2469 Reiselivsutvikling har vore rådgivarar i prosjektet.
Han rosa prosjektdeltakarane for framdrifta i prosjektet. Han viser til at det er utvikla konkrete tilbod og reiselivsprodukt, og ikkje berre ein rapport, men peika samstundes på at regionen må utvikle nokre fyrtårn som er attraktive nok til at dei blir ein sjølvstendig grunn til å reise til søre Sunnmøre.
Planen er å gjennomføre ein andre fase i prosjektet, som skal gå over to-tre år.

Publisert: 27.10.2020 16:09

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:25