Reiselivssjefen bad ministeren om avklaring
REISELIVSSJEF: Tom Anker Skrede la fram innspel til næringsministeren på eit videomøte torsdag. 
Nytt

Reiselivssjefen bad ministeren om avklaring

Tom Anker Skrede vil ha tydelege føringar slik at reiselivet kan førebu sommaren.

Marius Rosbach
30.04.2020
Torsdag var reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre mellom dei som ga innspel frå reiselivet til næringsminister Iselin Nybø. Skrede var éin av kring ti representantar som deltok på eit videomøte med statsråden, som er ein serie med innspelsmøter regjeringa har med ulike bransjar.
Til NETT NO fortel reiselivssjefen at han hadde fire punkt han la fram:
  • Tydeleg avklaring av kva for fritidsreiser som er greitt i 2020 – når dei kan gjerast.
  • At kompensasjonsordninga blir betre tilpassa sesongbedrifter.
  • Ei styrking av Visit Norway sitt arbeid med å marknadsføre norske reiseliv mot turoperatørar når reiserestriksjonane blir oppheva.
  • Auka satsing på berekraftig reiseliv.

Les også:


– Alle vil ut og reise

– På kort sikt er dette med ei tydeleg avklaring kring fritidsreiser viktigast. Det gjer at næringa kan gjere seg klare til å ta i mot gjestar, seier Skrede.
Reiselivssjefen understrekar at det raskt kan auke etterspurnaden og få folk tilbake i arbeid. Reiselivet er mellom dei som er hardast ramma av permitteringar som følgje av koronapandemien.
– Vi kjem uansett ikkje til å få den sommaren vi hadde håpt på, men alle vil ut og reise. Vi merkar med ein gong god respons på aktivitetar vi køyrer, og folk lurer på når dei kan kome, seier han.

Smittvern vil koste bedriftene

Arbeidet med bransjenormar vil vere avgjerande, meiner han. No er det kome på bordet reglar for campingplassar, og Skrede trur dette er ein marknad som vil vere attraktiv for mange.
– Mange har individuelle hytter med eigne toalett og slik. Samtidig har du bubilar og campingvogner som har eigne sanitæranlegg. Smitteverntiltak og god handhygiene vil gjelde for heile 2020, seier han og legg til at dette vil koste bedriftene og takast ut i høgare pris.
Reiselivssjefen trur både ordinære hotell og dei meir eksklusive aktørane kan få ein grei sommar – om avklaringane kjem – og opplevingane er lagt til rette for dei besøkande.
– Vi må sørge for at det i tillegg er aktivitetar til dei som kjem, seier han.

Les også:


På kort sikt er dette med ei tydeleg avklaring kring fritidsreiser viktigast

Publisert: 30.04.2020 13:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56