Reising blir dyrare i 2021
DYRARE BILLETTAR: Reiseoperatørar forventar vekst i utanlandsreiser i 2021, men det vil truleg bli dyrare enn før. 
Nytt

Reising blir dyrare i 2021

Det er håp om ein ganske normal reiselivssommar, men forbrukaren må rekne med å betale meir.

01.01.2021
(NPK-NTB): Til sommaren vil det kanskje vere mogleg å reise friare utanlands igjen. Men reising er venta å bli dyrare i året som kjem, ifølgje TUI og Virke.
Koronapandemien har hatt enorm påverknad på reiselivet i 2020. Nærast over natta vart det rådd frå å reise ut frå Noreg, og innreise vart forbode ei rekkje stader. Med unntak av ei luftlomme i sommarferien for mange, vart reising erstatta av heimesitting, sosial avstand og avgrensa reisemoglegheiter.
Også i 2021 må reiseglade smørje seg med tolmod. Statsminister Erna Solberg (H) har sagt at ho tviler på at nordmenn kan reise utanlands på ferie i påska. Men det er lov å håpe på ein ganske normal sommar, ifølgje statsministeren.
Turoperatøren TUI Noreg spår at Hellas blir ein populær sommardestinasjon, og at Spania blir vinnaren i vinter, basert på salstal dei siste vekene.
– Det er ingen tvil om at 2021 vil bli endå eit annleis reiseår, men vi har stor tru på at aktiviteten vil ta seg betydeleg opp nærare sommaren, seier Nora Aspengren, kommunikasjonsansvarleg i TUI.

Stigande prisnivå

Også i det kommande året vil reiserådet frå norske styresmakter vere leiande for reiseaktiviteten til nordmenn. Først i 2022 forventar TUI at det globale reisemønsteret for fritidsreiser vil normalisere seg. Reiseåret 2021 vil bli prega av pandemien på fleire måtar. Generelt er prisnivået venta å stige, ifølgje TUI.
Fleire fly- og reiseselskap har knapt hatt omsetning i 2020 og har vore trua av konkurs. Norwegian er redda av aksjonærane fleire gonger i år med nød og neppe. Fleire månader i år har Norwegian meldt om nedgang på over 90 prosent i passasjertrafikken, medan SAS har meldt om nedgang på nærare 80 prosent.
Prisane er førebels låge, men etter kvart som etterspurnaden går opp, vil òg prisane gå opp, opplyser hovudorganisasjonen Virke. Dei tilrår folk å sjekke avbestillingsmoglegheiter ekstra nøye og sørgje for å ha ei god reiseforsikring før ein bestiller.

Trur på pakkereiser

Mange brukar jula til å bestille reiser det kommande året. Virke spår at pakkereiser blir populært i år sidan det gir eit ekstra vern mot uventa hendingar for forbrukarane. Det vernar ikkje berre mot konkurs hos turoperatøren, men også mot konkursar i luftfarten eller på destinasjonen.
– Skulle hotellet eller flyselskapet gå konkurs, og desse er kjøpte som ein del av pakkereisa, er reisearrangøren forplikta til å sørgje for ei ny flyging med eit anna selskap eller eit nytt hotell med same eller betre standard, seier leiar Astrid Bergmål i Virke Reiseliv.
– Ingen andre reisealternativ er i nærleiken av å gi det same vernet, og dette er definitivt det tryggaste valet for dei som ønskjer å bruke jula på å planleggje sommarferien, seier ho.
(©NPK)
Det er ingen tvil om at 2021 vil bli endå eit annleis reiseår, men vi har stor tru på at aktiviteten vil ta seg betydeleg opp nærare sommaren

Publisert: 01.01.2021 13:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10