Reite Udramatiske eigarskifte
ROSAR TILSETTE: - Eg har sett umåteleg pris på samarbeidet både med tilsette og tillitsvalde, seier avtroppande Vardsjef Roy Reite. Her er han saman med ei gruppe lærlingar i selskapet.
Nytt

Reite: - Udramatiske eigarskifte

I si tid i Vard har Roy Reite styrt eit selskap som har gått gjennom fleire store endringar på eigarsida.

04.06.2019
Vard har vore børsnotert både i Oslo og Singapore, og hatt norske og koreanske eigarar, før italienske Fincantieri kom på banen og til slutt tok selskapet av børs og innlemma Vard i Fincantierikonsernet i fjor haust.
Udramatisk, seier avtroppande Vard-sjef Roy Reite.
- Det som er viktig er at eigarane har tru på selskapet og vil vere med og satse, seier han.

Rett tid

No meiner Reite tida var inne for å gjere noko anna, etter 18 år i sjefstolen i Nordvestlandets største skipsbyggingskonsern. Han skal vere styremedlem i Vard, men får sitt daglege arbeid som leiar i fiskeindustriselskapet Fjordlaks.

Ny plan

I 2016 la Vard ein ny forretningsplan for å kome ut av nedturen som blei utløyst av oljeprisfallet i 2014. Etterspørselen etter offshorefarty, som hadde dominerte ordrelista i fleire år, var tørka inn.
Det nye planen innebar mellom anna satsing på mindre cruiseskip. Då kom erfaringane til Fincantieri, som er ein av dei store cruiseverft-konserna, til nytte.
- Då vi la den var det viktig at vi hadde ein eigar som visste kva vi skulle gjere, seier Reite.

Ein streik

Reite har fått ros frå fagforeingshald, og gjengjelder rosen.

- Eg har sett umåteleg pris på samarbeidet både med tilsette og tillitsvalde, seier Reite.
Då han møtte tillitsvalde i dag tidleg spurte han om dei kunne hugse om det hadde vore interne streikar medan han har vore sjef. Dei kom fram til det kanskej hadde vore ein to-timarstreik.
- Det betyr at vi har gjort noko rett, seier Reite.
Det som er viktig er at eigarane har tru på selskapet og vil vere med og satse

Publisert: 04.06.2019 17:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35