Rekneskapsfusjon i Ulsteinvik
GÅR SAMAN: Linda Bratli Vågen og Tine Skaar Berg samlar RG Regnskap og Moldskred Regnskapskontor i eitt selskap under same tak.
Nytt

Rekneskapsfusjon i Ulsteinvik

Moldskred Regnskapskontor og RG Regnskap går saman.

22.01.2019
Det samanslåtte selskapet får ni tilsette og dekkjer marknaden i ytre søre Sunnmøre. Poenget med samanslåinga er å skape eit større og sterkare miljø.
- Vi er store nok til å overleve, seier dagleg leiar Linda Bratli Vågen i RG Regnskap om det samanslåtte selskapet.
Ho trur det framleis er plass til mindre, frittståande selskap og at også dei klarer å tilpasse seg ei tid der meir og meir av rekneskapsføringsarbeidet blir digitalisert.
- Det vi ser er at ikkje alle greier å ha den kunnskapen som vi sit inne med, slik at vi blir meir og meir rådgivarar, seier Bratli Vågen.
RG Regnskap er eigd av Atle Birger Flø, Knut Harald Ertresvåg og Oddbjørn Vågen. Moldskred Regnskapskontor er eigd av Tine Skaar Berg, Kristian Waage og Eldar Knotten.

Oppkjøpsbølgje

Rekneskapsbransjen er prega av mange oppkjøp og samanslåingar.
- Bransjen på Sunnmøre er veldig fragmentert, sa Jon Havdal, leiar for Sparebank 1 Regnskapshuset SMN til NETT NO i 2017. Han anslo at Sunnmøre hadde rundt 100 reknskapsføringsselskap og sa at ambisjonen til Sparebank 1 Regnskapshuset SMN er å samle fleire av dei under sin paraply.

Teknologiutvikling

I fjor blei Spjelkavik Regnskap med 19 tilsette kjøpt, og er frå årskiftet ei avdeling av Sparebank 1 Regnskapshuset SMN.
- Det er den utviklinga som skjer i bransjen. Det er vanskeleg å stå åleine om ein skal henge med på den teknologiske utviklinga, seier avdelingingsleiar Siv Anita Vassli i Spjelkavik Regnskap. Ho eigde selskapet saman med Anita Sjåstad.
I mars i fjor slo Sparebank 1 Regnskapshuset seg også saman med Admit Regnskap og Admit Systemer i Ålesund og auka bemanning med 15 personar, samstundes som selskapet fekk tilført ny It-kompetanse og -kapasitet.

Sparebank1 Regnskapshuset SMN på Sunnmøre starta med ei rekkje samanslåingar i rekneskapsbransjen. I løpet av kort tid i 2016/2017 kjøpte Sparebank 1 Regnskapshuset SMN fem mindre reknskapsføringselskap på Søre Sunnmøre; SR Volda, Hareid Regnskapsservice, Ørsta Rekneskap, PR Regnskap i Ulstein og Data Informasjon i Ørsta.
Det vi ser er at ikkje alle greier å ha den kunnskapen som vi sit inne med, slik at vi blir meir og meir rådgivarar

Publisert: 22.01.2019 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30