Reknskapsbyraa gaar saman
SLÅR SEG SAMAN: Sigbjørn Skeide frå Ulsteinvik blir styreleiar i rekneskapsbedrifta Rekne AS med 17 tilsette, medan ørstingen Geir Høydalsvik blir dagleg leiar.
Nytt

Reknskapsbyrå går saman

Rekneskap Høydalsvik i Ørsta og Balanse Rekneskap i Ulsteinvik blir Rekne.

09.12.2020
Til saman har dei to reknskapbyrå 17 tilsette, som no blir samla i eitt selskap.
Rekneskap Høydalsvik i Ørsta hadde 8,9 millionar kroner i driftsinnteklter og 1,1 i resultat før skatt i 2019. Balanse Rekneskap i Ulsteinvik hadde 7,2 millionar kroner i driftsinntekter og 0,6 millionar kroner i resultat før skatt.
Geir Høydalsvik eig Rekneskap Høydalsvik og skal vere dagleg leiar i Rekne. Sigbjørn Skeide er medeigar i Balanse Rekenskap og blir styreleiar i det nye selskapet. Alle eigarane i dei to seklskapa blir med vidare som eigarar i Rekne. Selskapet skal halde fram med kontor både i Ørsta og Ulsteinvik.

Kjenner kvarandre

- Vi har hatt eit samarbeid over tid. Vi følte at det vart meir og meir naturleg at vi fornaliserte samarbeidet, seie Geir Høydalsvik.
Hovudårsaka til samanslåinga er at eigarane meiner det er behov for eit større fagmiljø, både for å handter eit meir omfattande regelverk og for å henge med i den teknologiske utviklinga.
Reknskapsføring har blitt meir automatisert og det gjer at reknskapsbyråa har blitt meir rådgivarar enn tidlegare, ifølgje Høydalsvik.

Færre og større

Halvparten av norske reknskapsbyrå har tre eller færre tilsette, seier Høydalsvik.
Med samanslåinga er Rekne blitt eitt av dei større på Nordvestlandet, men dei er ikkje dei første som går saman i større einingar.
I 2017 fortalde Sparebank 1 Regnskapshuset SMN at det i løpet av kort tid hadde selskapet kjøpt fem mindre reknskapsføringselskap på Søre Sunnmøre; SR Volda, Hareid Regnskapsservice, Ørsta Rekneskap, PR Regnskap i Ulstein og Data Informasjon i Ørsta, og rekna med at bransjen ville gå mot færre og større selskap.

Etterpå blei ogs Admit Regnskap, Admit Systemer og Spjelkavik Regnskap lagt inn under Sparebank 1 Regnskapshuset SMN.

Publisert: 09.12.2020 12:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:08