Rekordaktivitet i Gjerdsvika
OPPSVING: Maritim Food sitt anlegg i Gjerdsvika i Sande kommune sto i fare for å bli nedlagt i 2019. Driftsleiar Vegard Kalland og Maritim Food-sjef Jan Brevik (t.h) har budsjettert med rekordår i 2021. Selskapet produserer både under eige varemerke, og for andre - mellom anna makrell i tomat for Norgesgruppens merke First Price.
Nytt

Rekordaktivitet i Gjerdsvika

I 2019 var fiskematfabrikken i Gjerdsvika like ved å bli nedlagt. I år blir det rekordproduksjon.

15.01.2021

25 prosent opp førre rekordår, til 111 millionar kroner. Det er budsjettet for driftsinntektene til Maritime Food i Gjerdsvika i Sande kommune i år.

Då det såg svartast ut var bemanninga nede i 10, no er dei 40.

- No lever vi veldig bra. Vi har aldri produsert så mykje, seier Maritim Food-sjef Jan Brevik.

Samla alt i Gjerdsvika
Det som utløyste krisa for anlegget i Gjerdsvika var at eigarselskapet Maritim Food vart kjøpt av selskapet Insula i 2017.

Det gjorde at Insula, som mellom anna eig fiskemat-varemerket Lofoten, fekk ei større rolle i norsk fiskematproduksjon. Så dominerande, meinte storkunden Norgesgruppen, at det medverka til at Norgesgruppen skifta til Lerøy Seafood Group som leverandør, skreiv Norgesgruppen i ein epost til NETT NO i 2019.

Les også: Utkonkurrert av Lerøy

Maritim Food sitt svar har mellom anna vore å legge ned anlegga sine i Kongsvinger og Fredrikstad, og og samle alt i Gjerdsvika.

Les meir: No blir det andre bollar ved Martim Food

Selskapet leverer framleis til Norgesgruppen, men no er det Coop og Rema som er største kundar.

Makrell i tomat
I Gjerdsvika blir det laga fiskebollar, fiskepudding, dressing og majones - og makrell i tomat.

Fabrikken lagar fiskemat under eigne varemerke for andre. I fjor lanserte selskapet makrell i tomat under varemerket Lofoten. I tillegg har selskapet ein eigen variant under varemerket Sunnmøre, i tillegg til å produsere makrell i tomat for Norgesgruppens eige First Price-varemerke.


Publisert: 15.01.2021 09:05

Sist oppdatert: 26.12.2022 18:56