Rekordbesoek paa Nor Fishing
BYGGEPLASS: Årets Nor-Fishingmesse var prega at det foregår store byggearbeid vegg i vegg. Til oppdrettsmessa Aqua-Nor neste år er målet at nybygget i bakgrunnen er klart til bruk, seier pressetalsmann Erik Hempel. 
Nytt

Rekordbesøk på Nor-Fishing

Rundt 19.500 innom dørene er ny rekord for fiskerimessa Nor-Fishing.

27.04.2020
Messa sette både ny besøksrekord og rekord i talet på land - 60 - som utstillarbedriftene kom frå.
- Forbausande godt, seier pressetalsmann Erik Hempel i stiftinga Nor-Fishing om oppmøtet. Stiftinga arrrangerer messa.
Ein runde NETT NO gjorde hos utstillarane frå Nordvestlandet på avslutningsdagen gav det same inntrykket, utstillarane hadde hatt godt besøk, og fleire fortalde og om det høgste besøket dei har hatt på fiskerimessa.

Byggeplass

Hempel seier arrangøren var nervøs på førehand fordi deler av utstillarane i år måtte flytte inn i telt, etter at eitt utstillingslokale er rive og nybygget ikkje klart før til oppdrettsmessa Aqua-Nor neste år.
Det gjorde at messeområdet låg vegg i vegg med ein byggeplass og utstillarane fekk mindre plass enn vanleg.
Med nybygget vil det bli betre plass igjen neste år, i følgje Hempel.

Publisert: 27.04.2020 16:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25