Rekordetterspoersel i koronatida
KNOPPSKYTING: Atle Vassbotn Remmereit (biletet) og hans to kollegaer i filmproduksjonsselskapet Oclin er alle utdanna ved medielina ved Høgskulen i Volda. Selskapet har kontor i Sunnmøre Kulturnæringshage, som er oppretta nettopp for å utvikle selskap og arbeidsplassar med utgangspunkt i høgskulen. Denne veka fekk Oclin Sparebank1 Søre Sunnmøre sin gründerpris.
Nytt

Rekordetterspørsel i koronatida

I mars måtte selskapet permittere. I oktober er det inntektsrekord - og gründerpris.

29.10.2020

Atle Vassbotn Remmereit og Chris-Håvard Berge i filmproduksjonsselskapet Oclin hadde akkurat tilsett Torstein Lunde Sperstad då koronakrisa kom i mars.

Oppdrag blei avbestilt og alle tre vart permitterte 50 prosent.

Grunnen til at dei ikkje stengde butikken heilt var at dei måtte fullføre jobbar dei alt var i gang med. Når det var gjort rekna dei med at dei måtte permittere seg 100 prosent.

Slik gjekk det ikkje - og oktober blir den beste månaden selskapet har hatt, fortel Atle Vassbotn Remmereit.

Hittil i år ligg inntektene 11 prosent over nivået på same tid i fjor.

Gründerpris
Torsdag var Vassbotn Remmereit æresgjest hos Sparebank1 Søre Sunnmøre for å mottak bankens første gründerpris, 25.000 kroner som oppmuntring og anerkjenning av gründerar og nye selskap.

Remmereit og Berge etablerte Oclin i 2016. Selskapet har hatt vekst og gått med overskot heilt sidan starten.

I 2019 var driftsinntektene 3,1 millionar kroner og resultatet før skatt 0,2 millionar.

Korona-vekst
Når folk ikkje lenger kunne møtast som før har etterspørselen etter alternativ auka, og det kjem mellom andre Oclin til gode. Det handlar både om å lage og redigere film, og om å overføre hendingar og arrangement direkte.

Det er næringslivet som er den største kundegruppa, men selskapet jobbar også med kulturarrangement og oppdrag for offentleg sektor.

Etter koronaepideminen kom har selskapet mellom anna har laga film og presentasjon til Slettvoll si lansering av ny kolleksjon. Det er eit arrangement der folk frå alle butikkane vanlegvis samlast fysisk, men som i år gjekk på nettet.

Og då Odd Norstoga hadde konsert under nettversjonen av Dei Nynorske Festspela, var det Oclin som sørga for at han kunne sjå og høyrast.

Les også: Rekordår for Sigrid

Storfilm gir arbeid til lokale bedrifter

Nytt jubelår før koronastoppen for Rotlaus

Warholm har fått fart på familiebedrifta


Publisert: 29.10.2020 23:09

Sist oppdatert: 24.08.2021 14:05