Tor W Havåg Tussa
PRISHOPP: Kraftanalytikar Tor W. Havåg trur at rekordhøge kraftprisar kan stige endå meir, men at ein våt haust kan endre bildet. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rekordhøg kraftpris – kan stige endå meir

For dei som synst kraftprisen i dag er for høg, er det berre å håpe på ein våt haust.

18.08.2021

Kraftprisen i juli var rekordhøg, prisen i august ser ut til å ende 15 prosent høgare.

Siste veka kom eit skikkeleg hopp. Spotprisen i området som dekker Nordvestlandet var i veke 31 på 56,3 øre kwh. I veke 32 spratt spotprisen opp til 75,1 øre kwh.

Fleire kraftanalytikarar spår at prisoppgangen vil halde fram.

- Kan gå høgt
Det trur også kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi.

- Prisane kan gå høgt, men ein våt haust vil moderere bildet, skriv han i sin siste vekesrapport.

Spotprisen i august er den høgast snittprisen i ei augustveke sidan 2007 (så langt tilbake som det er samanliknbare tal). Det er også den høgaste prisen sidan dei kalde vintrane 2010 og 2011, ifølgje Havåg.

Han viser til at den nordiske marknaden har gjennom sommaren vorte løfta av trendande prisar på fossile brensler og ein særs sterk kvotemarknad. Prisane på gass har leia dette rallyet gjennom sommaren, og prisen på gass for komande vinter er opp 65 prosent berre sidan 1. juni.

Vert det relativt tørt vidare frametter hausten må Norden importere meir tysk kraft og då går nordisk pris opp
Tor W. Havåg

Europa brenn meir kol
Havåg viser til at dei europeiske lagra av gass vart sterkt tappa i vinter og har ikkje vorte fylte opp att i sommar slik det er trong for. Den asiatiske gass-marknaden er samstundes sterk og det meste av nedkjølt flytande gass på kjøl, LNG, siglar forbi Europa og vidare til Asia der den vert betre betalt.

- Russarane har no sterkare røyrnett, òg mot aust, og prioriterar gass dit. Mange er difor uroa for forsyningssituasjonen og prisnivået for gass i Europa mot komande vinter. Med langt dyrare gass brenn Europa no klart meir kol som for tida gir lågare kostnad pr. MWh kraft produsert. Men kolprisane er også stigande. Europeisk kol for levering i 22 vert no omsett til 105 pund pr. tonn. opp 29 prosent sidan 01. juni, skriv Havåg.

Prishopp med meir tysk kraft
Han understrekar at prisen på tysk kraft for kvartal fire, ligg no over 100 Euro pr. MWh, noko som svarar til drygt ei krone pr. kWh.

- Nordisk pris er om lag 65 øre for same periode (engrosprisar). Vert det relativt tørt vidare frametter hausten må Norden importere meir tysk kraft og då går nordisk pris opp, fastslår Havåg.

Publisert: 18.08.2021 11:00

Sist oppdatert: 18.08.2021 10:34

Mer om