Geir Håøy foto Ogne
OPPTUR: Konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen starta 2022 med ein orderreserve på nesten 50 milliardar kroner. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordhøg ordreinngang for Kongsberg

Auka inntektene og lønsemda i fjor.

11.02.2022

Ordreinngangen til Kongsberg Maritime - det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen - auka med to milliardar kroner i løpet av 2021, til 17,9 milliardar kroner.

Kongsberg Maritime omfattar mellom anna den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce, og er ein stor arbeidsgivar på Sunnmøre, med anlegg og kontor på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hareid og Ulsteinvik.

Ordrereserven til Kongsberg Maritime auka til 13 milliardar kroner ved inngangen til 2022, opp frå 11,4 milliardar ved inngangen til 2021 (sjå tabell).

Les børsmelding her

Sjå resultatpresentasjonen frå 08:15 her

Auka aktivitet
Kongsberg Maritime sin ordrereserve auka kvartal for kvartal i 2021. Etter det første koronasjokket tidleg i 2020 tok ettermarknaden (inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar) seg opp igjen allereie frå 4. kvartal 2020 og no er det vekst igjen også i nybyggingsmarknaden, skriv selskapet i kvartalrapporten som ble offentleg i dag.

I nybyggingmarknaden er det tre skipstypar som dominerer, fartøy til vindkraftinstallasjon til havs, slepebåtar og militærfartøy.

1,1 milliard ekstra
Ein grunn for at Kongsberg Gruppen kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce var at selskapet meinte ei samla verksemd kunne gi eit større sal enn verksemdene kvar for seg fordi selskapet kunne tilby ein større produktpakke.

Den gevinsten har Kongsberg Gruppen talfesta i fleire tidlegare kvartalsrapportar, og gjer det også i denne.

I 2021 var meirsalet selskapet har fått etter oppkjøpet 1,1 milliardar kroner. Det er opp frå 700 millionar kroner i 2020.

500 millionar av meirsalet på 1,1 milliardar kroner i fjor er knytt til utbygging av vindkraftverk til havs.

Størst vekst til forsvar
Det er forsvarsverksemda til Kongberg Maritime, Kongsberg Defence & Aerospace, som hadde den største vekste i fjor. Ordrereserven auka frå 23 til 36 milliardar kroner.

Styret i Kongsberg Maritime foreslår å betale ut 15,30 kroner i utbytte etter 2021. Det vil gi aksjonærane tilsaman 2,7 milliardar kroner. I tillegg vil selskapet kjøpe og slette eigne aksjar for inntil ein halv milliard kroner, slik at aksjonærane i alt får 3,2 millionar kroner.

Kongsberg Maritime

Pr. 4. kvartal. I mill. kroner

20212020
Driftsinntekter1650716319
Driftsresultat1323718
Ordreinngang1793815925
Ordrereserve1302311386
Kongsberg Maritime
4. kvartal. i mill. kroner20212020
Driftsinntekter48754319
Driftsresultat372236

Ordreinngang

47783822
Ordrereserve1302311386
Kongsberg Gruppen ASA
Pr. 4 kvartal. I mil. kroner20212020
Driftsinntekter2744925612
Driftsresultat28631905
Resultat før skatt22901481
Kongsberg Gruppen ASA
4. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekter81077148
Driftsresultat844579
Resultat før skatt901652

Publisert: 11.02.2022 07:09

Sist oppdatert: 11.02.2022 08:01