Laks salmon evolution forste slakting foto salmon evolution 11
Illustrasjonsfoto: Salmon Evolution
Nytt

Rekordhøg produksjon for Salmon Evolution

Meir fisk i anlegget og auka tap, viser tala for første kvartal.

Marius Rosbach
13.05.2025

Salmon Evolution enda på ei omsetning på 49,7 millionar kroner i første kvartal i år. Det er betydeleg lågare enn same kvartal i fjor.

Også underskotet veks, samanlikna med same periode i fjor (sjå tabell under).  

Produksjonen på 1624 tonn var rekordhøg og auka med sju prosent prosent frå 4. kvartal i 2024. 

Selskapet har samtidig rekordmykje laks i anlegget med 2939 tonn ståande biomasse i anlegget, ei auke på 45 prosent frå førre kvartal. Det kjem fram i ei børsmelding tidleg tysdag. 

Nedjusterte produksjonsmål
Tala er i tråd med måla som selskapet hadde sett seg. Administrerande direktør Trond Håkon Schaug-Pettersen uttaler at det er avgjerande for å utløyse det fulle potensialet ved anlegget deira på Indre Harøy.

Sjølv om inntektene vart lågare i kvartalet, ventar selskapet at det vil betre seg med høgare prisar og større volum framover. Produksjonsmålet for 2025 er nedjustert noko til 5800-6200 tonn.  

Ventar høgare slaktevolum
Selskapet slakta 581 tonn sløyd og hovudkappa laks i første kvartal i år. Det er lågare enn tidlegare og påverka av eit bevisst arbeid med å auke biomassen. 

– Vi venter å sjå høgare slaktevolum i andre kvartal, la Schaug-Pettersen då han presenterte tala. 

Han sa seg svært nøgd med fiskehelsa og dødelegheita har gått jamnt nedover. 

Byggesteg to går etter planen
Salmon Evolution produserer no fisk frå første byggesteg ved sitt landbaserte anlegg for lakseoppdrett på Indre Harøy. 

Dei er samtidig i full gong med andre byggesteg, som går etter planen, opplyser selskapet. Dei planlegg å sette ut første smolt i anlegget i 1 kvartal neste år. I full produksjon er det venta at fase to vil auke slaktevolumet med 10.000 årleg. 

Selskapet er også kome om lag halvvegs i arbeidet med å prosjektere fase 3. 

Salmon Evolution  
1. kvartal. i mill. kroner2025
 
2024
 
Driftsinntekt
 
49,798,2
Driftsresultat
 
-44,76,7
Resultat før skatt
 
 -52,4-1,2

Publisert: 13.05.2025 07:26

Sist oppdatert: 13.05.2025 08:51

Mer om