Elektrikar nm
TIL NM: Anette D. Waagsbø Skram frå EL24 Ensiko i Ålesund og Tor-Inge Ulstein frå Tussa Installasjon. Foto: Opplæringskontoret for elektrofag.
Nytt

Rekordinntak av elektrolærlingar

150 elevar fekk læreplass hos elektrobedriftene i Møre og Romsdal i fjor. No skal to av lærlingane i fylket til elektrikar-NM.

21.01.2022

Anette D. Waagsbø Skram frå EL24 Ensiko i Ålesund og Tor-Inge Ulstein frå Tussa Installasjon er to av dei i alt seks som har kvalifisert seg til elektrikar-NM i starten av februar.

Koronaepidemien og smitteverntiltaka har utsett arrangementet i to år, men no får Waagsbø Skram og Ulstein omsider prøve seg.

Vinnaren får delta i Verdensmesterskapet for yrkesfag i Shanghai i Kina, som blir arrangert to veker etter NM.

Rekordinntak
-Vi har eit veldig stort behov for fagarbeidarar i dagens marknad, dagleg leiar Opplæringskontoret for elektrofag, Øyvind Myhra i ei pressemelding i samband men elektrikar-NM.

I fjor sette elektrobedriftene i Møre og Romsdal ny rekord i talet på læringar som fekk læreplass. 150 fekk plass.

Sjansen for å få jobb etter læretida er god.

- Med den vidare elektrifiseringa av samfunnet vårt framover vil etterspørselen etter fagarbeidarar innan elektro framleis vere svært høg, sier Myhra.

Publisert: 21.01.2022 16:16

Sist oppdatert: 21.01.2022 16:42