Rekordkontrakt for Hav Group-selskap
Avtale med tyrkisk verft.
Norwegian Electric Systems AS (NES) skal levere batteri- og kontrollsystem til ferje Scandi Lines byggjer hos Cemre Shipyard i Tyrkia.
Kontrakten er på nesten 100 millionar kroner og er den største NES nokon gang har inngått.
Det er ei stor kontrakt også i Hav Group-konsernet, seier Hav Group-sjef Gunnar Larsen.
Avtalen er eit gjennombrot i den tyrkiske skipsbyggingsmarknaden, skriv Hav Group i ei pressemelding.
Ferja blir 147,4 meter og skal frakte bilar og passasjerar mellom Puttgarden i Tyskland og Rødby i Danmark.
Den skal settast i trafikk i 2024 og vil i første omgang bli lada berre i Danmark.
NES skal stå for det komplette energidesignet, samt elektrisk kraft- og distribusjonssystem, medrekna batteri, ifølgje pressmeldinga.
Publisert: 18.02.2022 13:02
Sist oppdatert: 18.02.2022 13:05